Høvdingen som sette spor

– Eg skulle ikkje ha vore her i dag, fortel gründer og oppdrettsveteran Reidar Holmefjord når «Kystpodden» ber han om å fortelje om sitt liv og virke. Det var dramatiske timar då han som tolvåring rodde brislingfiske med far sin og vart rent i senk av ein fiskekuttar.

Publisert Sist oppdatert

I dag kan Reidar sjå tilbake på eit langt og innhaldsrikt liv som lakseoppdrettar. Det er snart 80 år sidan dei dramatiske timane midtfjords på Bjørnefjorden sør for Bergen, men dei sit godt i minnet til veteranen. Minnet er det ingenting i vegen med når han fortel om framveksten av det som i dag er Bolaks-konsernet.

– Bror min Trygve og eg begynte så smått å eksperimentere med oppdrett av aure og vi kom tidleg i kontakt med Magne Bolstad. Han var allereie i gang så vi utveksla erfaringar, og vi hjelpte kvarandre. Etter kvart slo vi oss i lag og etablerte Bolaks, fortel Reidar. 

«Kystpodden» er heime hos han i bustaden nær Eikelandsosen i Hardanger. Om knapt eit halvår feirar Bolaks 50-års jubileum, men Reidar var i gang fleire år før selskapet vart danna i 1975. Opp gjennom har han og spelt ei viktig rolle i det organiserte avlsarbeidet gjennom organiseringa av Norsk Lakseavl, og han var sentral da Norway Royal Salmon vart etablert.

– Ein ting eg er stolt av

Når vi spør Reidar om det er spesielle hendingar han ser tilbake på, og som han er godt nøgd med, kjem det ganske så kjapt, et – Ja.

Reidar Holmefjord etablerte Bolaks i 1975. Brislingfiskaren starta med lakseoppdrett lenge før det.

– Vi var med å etablere Sævareid Fiskeanlegg som vart ein stor og viktig smoltprodusent. Jacob Stolt-Nielsen ville kjøpe ut dei andre aksjonærane og baud det som etter mi meining var ein symbolsk sum. Då sette eg foten ned og sa nei. Det enda med at ei gruppe lokale medeigarar kjøpte ut Sea Farm. Framleis er Sævareid eit felleseige mellom aktørar i regionen, fortel Reidar, og er tydeleg fornøgd med det. Han har fram gjennom åra vore i samtalar med fleire av dei store aktøranen om samanslåing og oppkjøp, men høvdingen frå Bjørnefjorden valde sin eigen veg.

At Reidar og var ein god ven av Norsk Fiskeoppdrett-gründer Olav Hanssen og kona Liv, fortel han meir om i denne sendinga av «Kystpodden».

Laurdag 21.12.24, kl. 10.00

www.Kyst.no/kystpodden og Spotify

Høyr meg – Sjå meg, aldri ein laurdag utan

Kystpodden

- Kystpodden har som mål å snakke med personer som har bidratt til å bygge opp laksenæringen til å bli en stor og viktig industri. Å lese historier blir aldri det samme som å høre tidsvitner fortelle med egne ord om sine opplevelser. Vi skal møte personer som har hatt ulike posisjoner og ståsted i laksenæringen.

Det er idemaker og podkast-vert Gustav Erik Blaalid som sier dette. Han er selv et tidsvitne med fartstid som næringslivsjournalist i Norsk Fiskeoppdrett siden januar 1990. Senere etablerte han blant annet Kyst.no som var på lufta allerede i 1997. Gustav Erik Blaalid er grunnlegger og eier av Oceanspace Media AS som teller 10 ulike medietitler i Norge, Danmark, Chile og Storbritannia.