- Like kompetente som veterinærar til å skrive ut medisin
Kommentar: Eg meiner at fiskehelsebiologar er like kompetente som veterinærar til å skrive ut medisin til akvakulturanlegg. Dei har tross alt ei profesjonsutdanning som er retta nettopp mot fiskehelsearbeid og medisinering av akvakulturdyr.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Viser til det som er skrive i Kyst.no, om at EU parlamentet har vedtatt innskrenkingar i reseptretten, og som kan føre til at fiskehelsebiologar ikkje lenger får skrive ut antibiotika til fisk.
Utskriving av antibiotika til fisk føregår no i så liten grad at det ikkje har så stor praktisk betydning for arbeidsmengda i vårt firma, men eg er likevel prinsipielt i mot denne endringa i forskrivingsrett til personell som er fagleg kompetent og innehar ein profesjon med reseptrett.
Dersom fiskehelsebiologar også mistar retten til å skrive ut andre legemidlar til fisk enn antibiotika, vil dette kunne ha konsekvensar for framtidige tilsettingar av fiskehelsepersonell i fiskehelsetenestene.
I vårt firma har dei tilsette ei forholdsvis lik fordeling av lokalitetar dei har ansvar for i kvar sine geografiske områder, og det er lagt opp til at alle skal kunne utføre dei same arbeidsoppgåvene, som t.d. å gjennomføre helsekontrollar, prøveuttak, diagnostisere og skrive ut reseptar. Vi skriv i veldig liten grad ut antibiotika til fisk, men har samla sett mange bestillingar på ulike kjemiske avlusingsmiddel, bedøvelsemiddel, vaksiner og formalin.
Mykje større arbeids- og ansvarsbyrde over på veterinærane
Dersom det blir slik at det kun er veterinærar som kan skrive ut reseptar til havbruksnæringa, så vil dette legge ein mykje større arbeids- og ansvarsbyrde over på veterinærane i bedrifta mi. I ein tenkt situasjon der eg var den einaste veterinæren i Akvavet Gulen, og dei andre tilsette var fiskehelsebiologar, så ville eg nok vere nødt til å velje ein veterinær framfor ein fiskehelebiolog ved ein eventuell nytilsetting i bedrifta. Dette for å lette arbeidsbyrda på meg sjølv når det gjeld reseptskriving.
Eg meiner at fiskehelsebiologar er like kompetente som veterinærar til å skrive ut medisin til akvakulturanlegg. Dei har tross alt ei profesjonsutdanning som er retta nettopp mot fiskehelsearbeid og medisinering av akvakulturdyr.
Akvavet Gulen har få anlegg som er nær større byar som til dømes Bergen. Vi er difor avhengige av å få tak i folk med den rette kompetansen, og som vil busette seg ute i distrikta. Det er allereie ein utfordring å finne begge deler, og det vil ikkje bli lettare viss eg må velje mellom ein person med reseptrett og ein som ikkje har det. Prinsipielt er det òg sjølvsagt svært uheldig og urettferdig viss ein fiskehelsebiolog risikerar å gå glipp av jobbtilbod kun på grunn av inskrenking i reseptretten når det gjeld antibiotika.
Les alle sakene Kyst.no har hatt om reseptrett nedenfor:
- Hva er en veterinær?
- Nå må helseministeren svare Stortinget i reseptrett-saken
- - Departementet tror de kan berolige fiskehelsebiologer
- - Fiskehelsestudenter fortviler: - Hva kommer til å skje med oss?
- - EU-vedtak ryster fiskehelsebiologer - frykter de kan miste hele reseptretten
- - Vil ikke påvirke forbruket av antibiotika
- - Tap av reseptrett =underkjenning av fiskehelsekompetanse
- - Vil føre til en nedgang i prestisje og attraktivitet for fiskehelsestudiet
- - Vi er trygge på at fiskehelsen fortsatt blir godt ivaretatt
- Kan få forbud mot å skrive ut antibiotika-resepter