Ny dagleg leiar ved Myklebust Verft
Myklebust Verft har tilsett Kristin Hide Truelsen som ny dagleg leiar. Truelsen kjem frå stillinga som Site Manager for Brunvoll Volda, og tiltrer si nye rolle i august 2023. Leiv Sindre Muren som i dag er konstituert dagleg leiar går tilbake til si stilling som økonomi- og finanssjef når Truelsen er på plass.
- Kristin kjem til Myklebust med brei erfaring innan maritim næring, og har arbeidd med prosjekt både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til ei mastergrad i teknologiledelse, samt sitt virke i Brunvoll Volda, har Kristin lang leiarerfaring bakseg. Inkludert er 15 års «fartstid» frå ABB avdeling Ulsteinvik, der ho seinast var tilsett som Head of Project Management, seier styreleiar Per-Christian Kroepelien Lillebø.
- Vi ser det også som ein stor styrke at Kristin har relevant erfaring frå verftsnæringa. Ho starta si karriere som sveisar ved Ulstein Verft, og har i tillegg våre tilsett nettopp på Myklebust, som produksjonsplanleggar tidleg på 2000-talet, seier Lillebø vidare.
- Eg ser verkeleg fram til å kome på plass. Myklebust har ein god posisjon i marknaden innanfor både nybyggingsaktivitet, ombyggingar og vedlikehald. Myklebust har ein svært erfaren og kompetent organisasjon, og det blir ei glede å få lede ei virksomheit, og eit lag, som er blant verdens beste skipsbyggjarar, seier Kristin Hide Truelsen.