
Ny dagleg leiar i Akvahub
1. oktober overtok Trygve Hallberg som ny dagleg leiar i Akvahub AS. Tidligere leder går til stilling i landbasert matfiskoppdrett.
Akvahub AS er ei felles forskings- og utviklingsavdeling for verksemder med tilknyting til havbruksnæringa, og har hovudkontor i Leirvik i Hyllestad kommune.

Hallberg overtek roret etter at Asbjørn Løland, som har leda selskapet sidan starten i 2016, no går vidare til ein av Akvahub sine eigarar og samarbeidspartar, Bulandet Miljøfisk, for realisere deira planar for landbasert oppdrett.
Trygve har vært med på laget som prosjektleiar i Akvahub sidan mai i fjor, og er utdanna havbruksbiolog med master frå Universitetet i Bergen.
Han har god kjennskap til havbruksnæringa ved å ha jobba som produksjonssjef i eit familieeigd oppdrettsselskap og som biolog på operasjonar i felt.