FjordAlg - Ny inkubatorbedrift hos Fram Flora
Selskapet brukar ein ny metode for dyrking av mikroalgar i lukka system på land. Med den utviklar og produserar selskapet råvarer til kosttilskot og akvakultur.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
FjordAlg er ny bedrift i inkubatoren i Fram Flora. Selskapet brukar ein ny metode for dyrking av mikroalgar i lukka system på land. Med den utviklar og produserar selskapet råvarer til kosttilskot og akvakultur. Det skriver Fram Flora i en pressemelding.
Mikroalgar er ein del av det grøne skiftet og Norge har utmerka forutsetningar for produksjon av desse - reint vatten og fornybar energi. FjordAlg brukar ein innovativ fotobioreaktor for produksjon av mikroalgar. Selskapet fokuserer frå starten på ein høgverdi alge som brukast som kosttilskot og inneheld ein viktig ingrediens til akvakultur. Ny produksjonsteknologi og nærleiken til akvakulturnæringen skaper nye marknader og muligheiter.
Fram Flora ser fram til vidare samarbeid med FjordAlg.