Går saman om bygging av nytt settefiskanlegg
Eide Fjordbruk AS og Lingalaks AS planlegg å bygga nytt anlegg for produksjon av mellom anna settefisk på land på Ænes i Kvinnherad kommune. Produksjonen vil omfatte heile produksjonssyklusen frå egg og yngel til smolt/postsmolt for utsett i sjømerdar, ifølge planen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I planen utført av Akvator AS skriv dei at selskapa allereie produserer smolt for utsett i sjø frå eigne anlegg, men må i tillegg ut i marknaden for å dekkje behovet sitt. Bakgrunnen for samarbeidet om det planlagte anlegget, er at begge selskapa ser eit behov for å sikre sine matfiskanlegg i sjø med smolt av god kvalitet, i tillegg til at dei er opptekne av å kunne etablere eit nytt anlegg.
Selskapa driftar i dag sine konsesjonar/lokalitetar i mellom anna Hardangerfjorden og ønskjer å vera sjølvforsynt med settefisk med meir, noko som vil bli realisert gjennom etablering av settefiskanlegget på Ænes.
Treng fleire godkjenningar
For å kunna realisera bygginga av anlegget er det behov for godkjenningar utover plan og bygningslov (PBL) . Avklaringar om vassinntak, utslepp og anna som har samanheng med drifta av settefiskanlegget, er tilhøve som vert bestemt og regulert i konsesjon etter anna lovverk enn PBL, og det er søkt om vasskonsesjon til NVE som er under handsaming. Søknad om produksjonskonsesjon vil verta sendt Hordaland fylkeskommune etter at søknad om vasskonsesjon er handsama.
Full utbygging av anlegget vil verta realisert gjennom fleire byggetrinn, der første utbyggingstrinn vert nye fiskehallar og administrasjon på sørsida av fylkesvegen, samt ny djupvasskai nord for fylkesvegen. Det vil på sikt vera aktuelt å produsere postsmolt, stor smolt, ved bruk av sjøvatn.
Sjøtilkomst og utfylling Noverande kaianlegg er ikkje dimensjonert i høve til utbyggingsplanane. Det er difor planlagt ny kai for å sikre tilkomst for større brønnbåtar. Det er eksisterande steinfylling i sjø, og vestre del har god djupne for kai. Kaien kan truleg etablerast inntil eksisterande fylling. Planarbeidet skal sjå på potensialet for at kaien kan nyttast som ein fleirbrukskai, og eksisterande bygningar innanfor næringsføremåla vil enten verta fjerna eller flytta etter som byggetrinna vert realisert.
Planområdet utgjer om lag 80 dekar og i området er det per dato ingen reguleringsplan.Det har tidlegare vore smoltproduksjon og laksepark på næringsarealet, og det nye anlegget er planlagt som eit nytt og moderne resirkuleringsanlegg. Varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av planprogram er annonsert og planane er på fyrstegongs høyring frå 1. mars til 12. april 2016.
Det planlagde settefiskanlegget er ifølge planane også eit næringsinitiativ som vil gje grunnlag for auka sysselsetjing i lokalsamfunnet. Nye arbeidsplassar vil vere knytta direkte til prosjektet i to hovudfasar; bygge- og driftsfase. Samla sett vil tiltaket vera eit viktig bidrag for å skapa nye arbeidsplassar i lokalsamfunnet.
Positiv ordførar
Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) er positiv til søknaden og vonar bygging av nytt anlegg vil gje nye arbeidsplassar i Kvinnherad kommune.
- Som ordførar er eg svært glad for at oppdrettsselskap i regionen, vil satsa i regionen. Settefiskanlegget på Ænes er kjærkomne arbeidsplassar i ei tid der vi også i Kvinnherad merkar nedgongen i oljenæringa. At Lingalaks og Eide har funne det interessant å satsa ytterlegare i vår kommune er eg som ordførar svært glad for, seier han til kyst.no.
Han påpeikar at sjølve bygda Ænes ikkje har mange innbyggjarar.
- Vonleg kan lokalisering av arbeidsplassar og eit slikt anlegg mellom anna bidra til å få fortgong i utbetring av vegstandarden i området, legg han til.