Nystarta Alde Akva satsar innan akvakultur
Tre kollegaer satsar no som ny kompetanseleverandør innanfor landbaserte- og lukka anlegg for smolt og matfisk. I bagasjen har dei over 50 års erfaring og komplimenterande kunnskap om akvabransjen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Alde Akva startar i desse dagar opp på Verket på Stord i inkubatorlokala til Atheno AS.
- Me vil vere fysisk lokalisert i Sunnhordland, men ser vidt når det kjem til kundesegment. Me har planar om å arbeide både lokalt og nasjonalt – men også mot den internasjonale marknaden, fortel Geir Ingolf Strand.
Lang erfaring
Saman med sambygding Kjell-Torodd Fitjar Bremskau frå Fitjar og Eirik Østerhaug frå Sveio vil han blant anna tilby skisseprosjekt, forprosjekt, driftsanalysar og fullstendige driftsplanar. I alle fasar av prosjekt tilbyd de også teikningsproduksjon og 3D visualiseringar.
- Me har til saman over 50 års erfaring innanfor dette fagfeltet, og veit me har ettertrakta kompetanse. Det gjer at me er sterke i trua på at dette skal gå bra, fortel Fitjar Bremskau som er dagleg leiar i selskapet.
Han får støtte av medgründer Eirik Østerhaug.
- Me ynskjer å vere ein aktør som snur seg rundt på kort varsel og som leverer kjapt og effektivt. Ved å vere i tidleg dialog med kundane for å avklare behov og ynskjer i prosjekta sine vil dei spare både tid og pengar, og me vil kunne levere på kortare tid. - Ja, me har ein klar målsetnad om at me kan gjere ein skilnad i forhold til andre større aktørar når det gjeld responstid. Alde Akva skal bli best på det me gjer, legg Fitjar Bremskau til.
Hoppar inn i det ukjende
Dei tre har lang erfaring som prosjektteam frå blant anna hos Multiconsult og Akvator. Å starte eiga bedrift er noko som har modna over tid.
- Me har hatt det godt og kjekt der me har vore, og me har eit godt forhold til tidlegare arbeidsgjevarar. Men det er vel 4 -5 år sidan me første gong byrja å prate litt om at det hadde vore spennande å starte for seg sjølv. Og etter lang tids modning var tida no inne for å hoppe i det ukjente. Dette blir kjempespennande, seier Østerhaug engasjert.
Del av inkubatormiljø
På Verket sentralt ved E 39 på Stord har dei installert seg i nye og lyse lokale.
- Me er glade for at me frå starten får vere med i inkubatormiljøet til Atheno AS. Her får me
tilgang til nytt nettverk, gode møteromskvalitetar og eit flott miljø med andre gründerbedrifter. Me tek gjerne i mot kundar her,- eller møter dei der dei er. Det er berre å ta kontakt. Me er i alle fall klare, avsluttar Geir Ingolf Strand.