30 års jubileum for Steinvik Fiskefarm: Oppretta fond for utdanning
Steinvik Fiskefarm feira 30- års jubileum i helga og fekk besøk frå både inn- og utland. Selskapet har også i høve jubileet mellom anna etablert eit utdannings og forskingsfond retta mot ungdom som tek høgare utdanning innan fiskeoppdrett. - Utdanning er ein hjartesak for oss, fortel Anne Karin Vassbotten til kyst.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I høve 30-års jubileet har familieselskapet Steinvik Fiskefarm fra Sogn og Fjordane gjeve fleire gåver til lokalsamfunnet, som har fått eitt tilskot på 500 000 kr til Idrettshall i Eikefjord og 130 000 kr til Nærmiljøanlegg i Steinhovden.
De har også oppretta eit utdannings-og forskingsfond retta mot ungdom som tek høgare utdanning innan fiskeoppdrett. Dette gjeld ungdommar frå kommunane Flora, Askvoll, Bremanger, Naustdal Førde.
- Utdanning er ein hjartesak for oss i Steinvik, og vi har i vår filosofi et ekstra fokus på barn og ungdom, fortel Anne Karin Vassbotten til kyst.no.
Ho opplyser at selskapet ikkje har fastsett eit fast beløp som skal donerast til fondet, då dei vil vurdere søknadane som kjem inn etterkvart og gje ein sum basert på lengde utdanning.
- Vi har advokatar som jobbar med saka no, og vi vil oppfordra ungdomane frå kommunane Flora, Askvoll, Bremanger, Naustdal Førde til å søkje om midlar frå dette utdannings-og forskingsfondet.
I førkant av jubileum gjekk selskapet ut og oppfordra gjestane til å heller donere ein pengesum til utdanningsfondet, enn å gje ei gåve til Steinsvik. Vassbotten veit ikkje endå den totale summen som har kome inn, men fortel det er donert inn en god del pengar som kan bidra til at fleire får ei god utdanning innan havbruk.
Steinvik Fiskefarm har base i Flora kommune, og driftar sju konsesjonar for matfisk-produksjon av laks og aure. Selskapet har 44 tilsette og produksjonen går føre seg i Flora, Askvoll og Bremanger.
Les også: Gjentok rekord frå 2014
Festa heile helga
Anne Karin Vassbotten driv visningsenteret til Steinsvik Fiskefarm og har arbeida med jubileet i fleire månadar. Ho har holdt tråden i alt undervegs, og kan fortelja om lange dagar for å få alt i hamn. Ho seier dei er svært nøgde med arrangementet som gjekk over fleire dagar, og påpeikar at dei hadde ei fantastisk helg saman med samarbeidspartnarar, "bygdafolk" og andre inviterte gjestar.
- Det har gått kjempeflott. Vi hadde mellom anna folk fra både Italia, Litauen, Portugal med oss, og fleire andre land i forbindelse med eksportselskapet vårt Seaborn. Vi hadde også ordføreren og rådmannen i Florø på besøk. Samt andre oppdrettarar i området. Ikkje minst hadde vi våre viktigste gjester, våre kjære ansatte på plass.
Folk byrja allereie å komme på torsdag i førre veke, og fleire av desse var med heile helga. Totalt var dei oppe i 260 gjestar.
- Torsdag hadde me omvisning på alle anlegga våre, både vinsningssenteret, matfisk- og settefisk anlegga. På fredagen hadde me middag og leigde inn musikkgruppa Tiebreaker, som meg og min mann Alex Vassbotten har likt lenge. Dei skal lanserast i Europa og resten av verda snart og me tykte det var kjekt å vise dei fram, fortel ho.
- Heftig tur
Laurdag arrangerte dei ein segltur i skjærgården med "Loyal", verdas eldste seglbåt i sin klasse. Dette vart ifølgje Vassbotten ein heftig tur, der dei fekk kjenna litt ekstra på naturkreftene, da båten kom opp i heile 10 knopp berre ved hjelp av vind i segla.
Les også: Ser fleire fordelar med å ha visningskonsesjonar
- Gjestene fekk kjenna litt på korleis dei ansatte har da på jobb når det er vind og storm, men dei koste seg masse og tykte turen var flott. Vi avslutta hovedkvelden med middag og konsert med Thea Hjelmeland, som var stor stas, då ho er kjempe flink og lokalt frå Førde, fortel Vassbotten engasjert.
Steinvik sin filosofi er å ha alt mest mogleg lokalt, både når det gjeld musikalske innlegg og maten som vart servert. Gjennom heile helga har dei servert lokal laks og aure fra anlegga deira, og sjømat har stått i fokus heile vegen.
- Vi har kresne kundar som veit korleis laksen og auren skal vera, så eg er særs fornøyd med kokkane våre fra "Bistro to kokker" som har stått på heile helga for å levere god mat til oss, seier Vassbotten.
- Familiebedrifta Steinvik Fiskefarm vart etablert av Alex Vassbotten og faren Inge Helge i 1986 og har hatt god framdrift sidan start. I 2015 leverte dei og solide tal og passerte over 300 millionar i omsetnad, tredje år på rad.
Les saken her: Over 300 millioner i omsetning tre år på rad