Illustrasjonsfoto av rømt laks.

Aller Aqua vedtek ikkje bot på 4, 5 millionar

I 2022 rømde rundt 35 000 oppdrettslaks frå anlegget til Aller Aqua på lokalitet Floteneset i Vadheimsfjorden i Sogn. Nå er selskapet ilagt ei bot på 4,5 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Selskapet satte raskt i gong gjenfangst då dei oppdaga rømminga. 

NRK skriv at dt var kjønnsmoden oppdrettslaks blant fisken som rømde, og laks med påvist sjukdom. Rømminga skjedde i gyteperioden for villaks i Sognefjorden. 

Førelegget er ikkje vedteke av selskapet, og vil om kort tid bli oversendt retten for beramming, opplyser statsadvokat Benedicte Hordnes, skriv NRK.

– Dette er veldig alvorleg. Det skjedde i laksefjorden der det er mange fjordar med villaks som er allereie er truga. Det er fare for betydeleg miljøskade, seier Hordnes til NRK.