
Ove Gjerde skiftar beite
Ove Gjerde sluttar som samfunnskontakt i Alsaker-konsernet og går over til Eide Fjordbruk.- Me er utruleg glade for å få Ove Gjerde med på laget vårt, seier dagleg leiar Knut Frode Eide.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Eide Fjordbruk, og Knut-Frode Eide vert min nye arbeidsgivar, seier samfunnskontakt Ove Gjerde til kyst.no.
Han skal fortsetje som samfunnskontakt i oppdrettsselskapet som held til i Eikelandsosen i Hordaland.
- Det er spanande å jobba, og vera med på å leggja til rette for matproduksjon i sjø, fortel han.
Lang erfaring

Dagleg leiar Knut Frode Eide i Eide Fjordbruk seier til kyst.no at Gjerde skal starta i stillinga etter oppseiingstid i noverande jobb.