Truleg verdas største postsmolttillatelse
Alsaker Fjordbruk skal produsera 17 millionar postsmolt på Onarheim. – Godkjenninga er truleg verdas største postsmolttillatelse, og i alle høve den største på Onarheim, skriv selskapet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Torsdag, 26. september fekk Alsaker Fjordbruk tildelt postsmoltkonsesjon på Onarheim, dette melder selskapet på si nettside. Søknaden vart fremja Hordaland fylkeskommune i fjor haust etter at NVE hadde gjeve vassdragskonsesjon i Onarheimselvo.
- Produksjon av postsmolt vil bidra til optimalisering av produksjonen, korte ned tida fisken står i sjøen, og redusere lusepåslag og smitteeksponering, skriv samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk Kristian Råsberg i ein kommentar til Kyst.no.
17 millionar postsmolt
I vår gav Fylkesmannen utsleppsløyve på omsøkt volum basert på eit anlegg med RAS1-teknologi, der omlag 99 % av vatnet går i resirkulering.
- Mattilsynet godkjente no ein produksjon på 17 millionar postsmolt opptil en kg for få veker sidan på Onarheim, skriv selskapet.
Med dette kunne Hordaland fylkeskommune skrive ut løyvet som får konsesjonsnummer HT-0029.
- Godkjenninga er truleg verdas største postsmoltkonsesjon, og i alle høve den største på Onarheim.
Byrjar prosjekteringa
Når produksjonsmessige rammer no er gjeve, byrjar detaljprosjekteringa av postsmoltanlegget på næringsområdet Alsaker Brygge Sør på Onarheim. Arealet vart ferdigregulert i 2017 og det har sidan føregått planeringsarbeid på tomta, ifølgje selskapet.
- Det som i alle høve er sikkert er at ein konsesjon av denne storleiken vil fordre ei stegvis utbygging. Per no er det alt for tidleg å gå inn på detaljar, legg Råsberg til.
Kyst.no skreiv opprinneleg at dette truleg ville bli verdas største postsmoltanlegg, men det er no retta til verdas største tillatelse, som blir meir riktig.