Foto frå Alsaker Fjordbruk sin lokalitet Flornes.

Møtte framtidas oppdrettere på utdanningsmesse

Alsaker Fjordbruk ser at fleire unge får auga opp for moglegheitene i havbruksnæringa. På utdanningsmessa på Stord møtte selskapet mange fremtidige fagfolk.

Publisert Sist oppdatert

Alsaker Fjordbruk var nyleg til stades på utdanningsmessa på Stord, der dei møtte mange kjekke elevar som står framfor store og spennande val – anten dei skal velje utdanningsretning eller finne ein læreplass.

Stine Holum Gjersvik, informasjonskonsulent i Alsaker Fjordbruk, fortel til Kyst.no at dei ser større interesse for yrkesfag generelt og opplever gode søkjartal når dei lyser ut stillingar.

– Me har behov for mange dyktige fagfolk innan akvakultur og sjømatfaget, men òg yrkesgrupper som matrosar, elektrikarar og mekanikarar, påpeikar ho.

Stine Holum Gjersvik i Alsaker Fjordbruk fortel at dei ser stor interesse for yrkesfag og opplever gode søkjartal når dei lyser ut stillingar.

Gjersvik seier selskapet opplever at det no er lettare å nå ut når dei vil snakke om det positive dei gjer.

– Når målretta arbeid gir gode resultat, som til dømes vår låge dødelegheit og gode fiskevelferd, er det ekstra kjekt at det òg fører til positiv mediedekning. Dette bidreg til at fleire får ein meir positiv innstilling til selskapet vårt og ser dei mange spennande yrkesmoglegheitene innan næringa, fortel ho.

Positivt å ha med lærlingar

– Kva slags spørsmål fekk de på utdanningsmessa frå dei som tok kontakt?

– Dei lurer ofte på kva karrierevegar dei kan ta inn mot næringa vår og blir overraska når dei høyrer kor mykje forskjellig dei kan jobbe med. Mange kjenner lite til næringa og spør om kor mange fisk det er i merdane, kor store fiskane blir, og viser generell interesse for oppdrett. Andre er meir bestemte på kva retning dei vil gå.

Gjersvik seier det har hatt positiv effekt å ta med lærlingane frå selskapet på utdanningsmessene, og at desse er gode representantar som elevane kan relatere seg til.

– I lag med erfarne kollegaer gir dei eit godt bilete av korleis det er å jobbe hos oss. Me er sikre på at me har møtt fleire fremtidige lærlingar og arbeidstakarar dei dagane me har stått på stand, understrekar ho.

Eit viktig grunnlag

I år fortel Gjersvik at Alsaker Fjordbruk planlegg å ta inn om lag ti lærlingar fordelt på seks fag. Dersom søkarmassen er god, seier ho at selskapet har fleire dyktige leiarar og tilsette som er klare for å ta imot lærlingar.

Å vere synleg på utdanningsmesser og for utdanningsinstitusjonane er noko Alsaker Fjordbruk satsar meir og meir på. Her er Geir Innvær og Vanessa Skjellevik frå utdanningsmessa på Stord.

– Me veit at ei god læretid legg eit viktig grunnlag for fremtidig rekruttering. Storparten av lærlingane våre får fast stilling etter endt læretid.

Å vere synleg på utdanningsmesser og for utdanningsinstitusjonane er noko Alsaker Fjordbruk satsar meir og meir på. Selskapet har òg eit godt samarbeid med grunnskulane gjennom Røvær Havbrukssenter.

– Her har me både klassebesøk og leirskule. Med 2 000 skuleelevar årleg innom Røvær Havbrukssenter er me ein betydeleg formidlar av moglegheiter innan utdanningsløp og framtida i havbruksnæringa for barn og unge på Haugalandet og omegn.

– Kva ser de spesielt etter hos kandidatar som søkjer læreplass hos dykk?

– Som lærling i Alsaker Fjordbruk-konsernet får du ei allsidig læretid, der du i løpet av opplæringa får vera innom alle delane av produksjonen. Me har læreplassar både på settefisk, matfisk, brønnbåt, slakteri og industriservice. Vår nordlegaste lokalitet finn du i Alver kommune, og den sørlegaste i Sandnes kommune. Me ser etter kandidatar som er interesserte og initiativrike, og som ønskjer seg ei framtid i næringa.

Noko nytt kvar dag

Linda Thierfelder byrja som lærling i akvakultur på matfiskanlegget på Toftøy hausten 2024, og fortel at ho har lært mykje gjennom det halve året ho har vore hos selskapet.

Linda Thierfelder begynte som lærling i akvakultur på matfiskanlegget på Toftøy hausten 2024.

– Kollegaene mine tok meg godt imot, eg blei inkludert i arbeidet, og dei er ivrige etter å lære meg opp, seier ho nøgd.

Linda fortel at ho har utvikla seg både fagleg og personleg.

– Erfaringa eg har fått i løpet av læretida mi er berre positiv. Eg har lært å ta ansvar. Dagane er veldig varierande, og det skjer noko spennande og nytt kvar dag, fortel ho til Kyst.no.

Linda Thierfelder i aksjon.