Gerhard`n investerar i nytt kaianlegg
Oppdrettar Gerhard Alsaker som eig Alsaker-konsernet har kjøpt gamalt betonganlegg på Malkenes på Tysnes. Dette kaianlegget skal han bruke til landbase og fôrlager for oppdrettsverksemda.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det melder lokalavisa Tysnesbladet.
Det tidlegare betongblandeverket på Malkenes blir oppdrettsbase. Alsaker Brygge har kjøpt eigedomen av Mariann Malkenes.
Ifølgje Statens Kartverk er Vikavegen 72, gnr 121, bnr 13 på Malkenes, er overdrege for kr 2.400.000 frå Mariann Malkenes til Alsaker Brygge AS den 26.04.2016.
Alsaker fortel avisa at oppdrettsverksemda har kjøpt anlegg for å bruka den til verksemda sine aktivitetar i området.
Planen til Gerhard Alskaer er at dei skal bruka kaien og eigedomen til landbase og fôrlager for oppdrettsverksemda, og at dei skal ha ein fôrbåt liggjande der, ifølgje avisa.