
Har invitert høvdingar og blotsmenn til laksafest
Alsaker-konsernet arrangerar i dag sin årlege "laksafest" på Alsaker-brygga på Tysnes, der er både høvdingar og blotsmenn invitert.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Samt alle kjende, og ukjende, bygdafolk, hyttefolk og fastbuande, skriv selskapet på sine Facebook-sider.
Gerhard Alsaker og sine gode hjelparar inviterar fredag 29 juli til sin årlege laksafest på brygga til selskapet, som vert arrangert for 22. gong. Selskapet har som mål i år å slå rekorden frå i fjor, på antal lakseporsjonar delt ut.
Samfunnskontakt Kristian Råsberg oppfordrar alle som ynskjer å ta turen, og lovar god stemning. Der blir det både lakseserveringar, dans og mykje morro utøve kvelden.

Festen byrjar kl halv ni og varer utover kvelden.
Tilsette er i full gong med å rigge til festen og skriv følgjande på sine Facebook-sider:
- Det er no full rigging på Alsaker Brygge til kveldens store "Laksafest".
Les også: Alsaker fôrte 550 med grilla laks
Gerhard og dei gode hjelparane hans har halde på sidan 1995 med å arrangera den tradisjonsrike Laksafesten på Onarheim.
Vil setje ny rekord
I fjor vart ny rekord sett då 576 lakseporsjonar blei krydra, kutta og pakka i løpet av ein time. No håper selskapet på ein ny rekord.
- I fjor kom det kring 600 på Laksafesten. Det blir mat å få til mange i kveld også, lover Gerhard, på selskapets Facebook-sider.
Råsberg seier til kyst.no at han håper på godt oppmøte.
- Siste nytt er at me har klart og tøyla vêrgudane her på Onarheim, og yr.no syner no eit opphald i regnveret frå i kveld i anledning Laksafesten. Truleg er det berre på Onarheim regnet stoppar opp, så her må våte vestlendingar nytta høvet, seier han med eit smil.
Han oppfordrar vidare folk om å ta med seg godt humør og skape god stemning i kveld.
Under kan du sjå nokre bilder av førebuingane til selskapet.


