Skal byggja djupvasskai for Alsaker
Engelsen Entreprenør har i dag skrive kontrakt med Meidell-konsernet om byggjing av over 2600m2 industrikai ved Nedrevågen på Tysnes.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Meidell-konsernet opplyser at dei har signert kontrakt med Engelsen Entreprenør AS om bygging av ei av dei største og kraftigaste djupvasskaiene i Sunnhordland.
Industrikaien er på 2600 kvadratmeter og ligg ved Nedrevåge på Tysnes. Kailinja vert på cirka 130 løpemeter, melder Engelsen Entreprenør på sine Facebook-sider.
Stor og kraftig
Delar av kaien skal ha bereevne på 15 tonn pr kvadratmeter og vil bli ein av dei både største og kraftigaste kaiane i regionen. Det vert også lagt til rette for heile 15m djupne ved kaifront, opplyser dei.
Arbeidet startar opp allereie i mai, og vil sysselsetja ein vesentleg del av deira arbeidsstokk fram mot ferdigstilling mai 2019.
- Dette ein viktig milepæl for næringsområdet i Nedrevåge. Det er ei av dei djupaste, lengste og kraftigaste dimensjonerte kaiene i Sunnhordland, seier samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk, Kristian Råsberg i ei pressemelding.
Det var ein nøgd driftsleiar Amund Engelsen frå Engelsen Entreprenør som tok byggherre Gerhard Meidell Alsaker i handa etter kontraktssigneringa på Onarheim.
- Me takkar for oppdraget og ser fram til å starte opp arbeida, skriv entreprenøren på Facebook.