Geir Helge Johnsen er den fortjente vinnaren av årets Aqkva-pris 2024. Her saman med Alex Rosén og Hans Inge Algrøy.

Han er årets vinnar av Aqkva-prisen

AqKva-prisen gjekk i år til Geir Helge Johnsen for hans langvarige og betydelege innsats i havbruksnæringa. 

Publisert Sist oppdatert

Årets pris blei delt ut under festmiddagen på AqKva-konferansen, som blei held i Bergen torsdag.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at Geir Helge Johnsen fyller fullt ut kravet både til langvarig engasjement og god innsats.

AqKva-prisen

  • AqKva-prisen er ei utmerking som blir gitt til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller langvarig engasjement har tatt næringa eit steg framover og vore eit eksempel til etterfølging og dermed gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksnæringa.
  • Prisen skal vera honnør for vel utført arbeid og inspirasjon for seg sjølv og andre til vidare innsats.
  • Komiteen som står bak utvalet av prisvinnaren består av Kjell Arne Møklebust frå styret i AqKva organisasjonen, ansvarleg redaktør i Oceanspace Media,  Pål Mugaas Jensen, og Hans Inge Algrøy
  • Prisen i år er eit bilde laga av Harald Kryvi som er kjent både som kunstnar, forfattar og professor emeritus i fiskeanatomi ved UiB

- Dei fleste tidlegare prisar har gått til utøvarar som har hatt sitt virke innanfor produksjon av laks og aure, fiskeoppdrettarane, mens dei som har stått rundt næringa og gitt sine bidrag til næringa på andre måtar, kanskje har vore underrepresentert, sa jurymedlem Hans Inge Algrøy under utdelinga.

Johnsen starta, bygde opp og eigde selskapet Rådgivende Biologer som alle kjenner til.

- Inspirerande og gøy

Til Kyst.no seier den ferske prisvinnaren at det alltid er hyggjeleg når det man har gjort blir sat pris på, og særleg når det kjem frå oppdrettsnæringa sjølv.

- Eg har jo jobba med dette sida eg starta på hovudfag ved Universitetet i Bergen hausten 1980, så det blir etter kvart nokre år. Og denne reisa har vore fantastisk inspirerande og gøy å ha vore med på, og det har gitt meg veldig mange gode bekjente og venner over hele landet, seier Johnsen.

Til stor nytte for næringa

Algrøy påpeikte at årets prisvinnar ikkje sjølv har drive med oppdrett av fisk, men har levd med og i bransjen gjennom mange år, og antageligvis kjenner og er kjent av fleire folk og bedrifter i bransjen enn dei fleste.

- Innsatsen til Geir Helge har vore, og er, til stor nytte for næringa, først og fremst innan fagområdet biologi. Gode prosessar og løysingar på biologiske moglegheiter og utfordringar gjev god berekraft som er nødvendig for å få lov til å drive med oppdrett av fisk. Også når det gjeld omdømme i næringa er fiskevelferd og miljø sentrale stikkord, sa Algrøy frå scenen.

Johnsen tok hovudfag i ferskvannsøkologi ved UiB i 1982, var deretter vitass og forskar på Zoologisk Institutt i til saman 6 år, og han tok doktorgraden sin i 1988 på ein studie av miljøpåvirkning av fiskeoppdrett. Han har vore meir ute i felten og samla seg praktisk kunnskap enn dei fleste andre akademikarar, og har dermed eit realistisk syn på den store og viktige havbruksnæringa. 

- Han nyt stor respekt både i oppdrettsbransjen og hos myndigheitene, sa Algrøy frå scenen.

Geir Helge Johnsen med prisen, som er eit bilde laga av Harald Kryvi, saman med Alex Rosén under konferansemiddagen på Aqkva-konferansen.

- Djupt respektert

Juryen meiner og at ingen har skrive fleire konsekvensutgreiingar av fiskeoppdrett enn Geir Helge Johnsen og med dokumentasjonsvedlegg frå hans penn, styrker det veldig næringsaktørane sine søknader til myndigheitene. 

- Geir Helge har gjort fiskeundersøkelser, prøvefiske, MOM-undersøkelser, resipientundersøkelser, overvåkinger, hydrologiske vurderingar og det meste andre i denne sjangeren. Han er djupt respektert blant både bransjefolk og myndigheiter, og til og med oppdrettsmotstandarar må bøye seg for den kunnskapen dagens prisvinnar har, sa Algrøy før han ovverakte prisen til Geir Helge Johnsen.

- Innsatsen til Geir Helge Johnsen har vore, og er, til stor nytte for næringa.

- Juryen bak Aqkva-prisen

Alex Rosén, Aqkvapris-vinnar Geir Helge Johnsen og Hans Inge Algrøy.