Her er bilde av Jonny Møgster fra Aqua Circle og Øyvind Høy fra Pro-Flex. Foto:Tor Espen H. Skoglund

Utvidar samarbeid og startar hydraulikk-butikk

Aqua Circle fekk nyleg forhandlarstatus for Pro-Flex og har bygd om og utvida verkstaden med eiga hydraulikkavdeling.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Aqua Circle har i hovudsak hatt fokus på utstyr til reinsefisk, medan Pro-Flex er totalleverandør av slangar og koplingar til ulik industri.
– Vi har vore kunde hos Pro-Flex sidan starten og fôringsslangane vi bruker er spesialprodusert til oss. Vi har allereie brukt 10 km slangar i fôringsanlegga våre og har kjøpt ytterlegare 9 km, fortel gründar Jonny Møgster til Midtsiden som først omtala saka.

 

17 000 nye varer

Pro-Flex spurde først om selskapet ville bli forhandlar for havbruksdelen, men selskapet ville ha fullsortiment, og det fekk dei.

- Vi valde heile sortimentet av eigeninteresse da vi  bruker dette sjølve, og får gode prisar. I utgangspunktet skulle vi bli forhandlar for berre havbrukssegmentet, men kan no levere alle slangar til havbruk og fiskeri, inkludert hydraulikk, fortel Tor Espen Skoglund dagleg leiar i Aqua Circle til kyst.no.

Les også: Ny tilsett i Aqua Circle

- Vi kan og klemme slagar og tilpasse ulike koplingar. For press- og koplingsbiten gjer me dette sjølve og har laga eiga avdeling til hydraulikk på verkstaden. Hydraulikken består av dei same systema som brukast på båtar, lastebilar og kranar, det einaste som varierer er koplinga, legg han til.

Tanken er at det i Os no vært ein «drop-in» moglegheit, slik at bedrifta kan ordne med slangar til dei som treng det på staden. Dei tek inn delar og slangar til hydraulikk på lager, og kan levere frå heile sortimentet. Fokus ligg på slangar og koplingar til havbruk, oppdrett og fiskeri.

- Vi er allereie i gong med å implementera og i løpet av gårsdagen var alle varer på plass.  Vi får importert over 17 000 varer og ikkje berre 600 som er innan havbrukssegmentet. Vi er interessert i produkt frå heile segmentet og ønsker difor å kunne selje heile, konstaterer han.

- Trur dei gjer det bra

Øyvind Høy frå Pro-Flex er særs nøgd med avtalen og fortel at han trur den er formålstenleg for begge selskapa.

 - Vi inngjekk avtalen då bedrifta har ein sterk posisjon i oppdrettsnæringa og ynskjer å kunne tilby vårt sortiment lags  kysten. Vi er og interessert i distributørar med sterk vilje og lokal forankring, noko desse har,  seier Høy i ein kommentar til kyst.no.

Høy fortel vidare at gjengen i Aqua Circle såg behovet for hydraulikk og slangar, både lokalt i Os og i næringa.

- Dei skal no byggje seg opp og eg trur dei vil gjere det svært bra, legg han til.

  • Pro-Flex har hovudkontor i Bergen og avdelingar på Mør og i Oslo-området.
  • Selskapet selde slangar for over 100 millionar i fjor.
  • Per i dag her bedrifta 28 tilsette