Thomas Hilt og Tor Espen Skoglund. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Ny tilsett i Aqua Circle

Aqua Circle, har per i dag tre tilsette, men utvidar staben då Thomas Hilt, byrjar i selskapet over sumaren.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Hilt tiltrer fyrste august, og har tidlegare jobba som seljar hos Pro-Flex i over ti år med ulike arbeidsoppgåver, noko som betyr at han har god kjennskap til næringa og produktene hjå selskapet.

- Hovedoppgavene hans vert sal og oppfølging men han kan og vera på verkstaden, sveisa med meir. Når vi er så små, må me alle være «poteter», fortel Tor Espen Skoglund, dagleg leiar i selskapet til kyst.no.

Selskapet vart stifta 19 mai 2015, av Johny Møgster og Skogland vart tilsett kort tid etterpå.

- I mars kom Per-Arild Larsen til og no tilsett me igjen, fortel Skoglund nøgd.

- Oppfinnsom gjeng

Thomas Hilt ser fram til å ta fatt på ny jobb.

- Eg gledar meg stort til å setje i gong og arbeide med nye produkt eg har tru på, som fôringsautomatar og skjul. Det er også kjekt at eg får samarbeide med Pro-Flex vidare, seier Hilt i ein kommentar til kyst.no.

- Gjengen i Aqua Circle er både kreative og oppfinnsomme, og utviklar gode løysingar. Det blir kjekt, legg han til.