Krangler i retten om Aquadome-havari
Cermaq prøver i retten å gjere MSC og Norpartners økonomisk ansvarlege for at ein ny type oppdrettsanlegg vart øydelagt av uvær.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Cermaq har saksøkt MSC i Måløy og Norpartners i Fosnavåg etter at eit nyutvikla oppdrettsanlegg under testing havarerte i Nordland i februar 2015.
Saken starta i dag i Søre Sunnmøre tingrett, og Cermaq Norway krev opp til 14,3 millionar kroner frå dei to selskapa som produserte anlegget, melder Sunnmørsposten. Det er satt av fem dagar i Søre Sunnmøre Tingrett til behandling av saken.
Peikar på produksjonsfeil
Anlegget med namnet Aquadome er eit lukka merdsystem. Cermaq hevdar at havariet skjedde som følgje av produksjonsfeil, medan dei saksøkte meiner ekstremvêr var årsaka.
Dei to saksøkte selskapa avviser i følge Sunnmørsposten ansvar og krev frifinning. MSC har også gått til motsøksmål mot Cermaq.
– Å seie at «ok, dette var eit samarbeid – alle har bidratt, dessverre gjekk det ikkje», det blir feil. Cermaq driv med fiskeoppdrett, ikkje med produksjon av hardvare til oppdrettsbransjen. Det var det MSC som skulle gjere, sa advokat Anders W. Færden under første dag av rettsaken, melder Sunnmørsposten.