Kan produsere 100 millioner rognkorn i nytt anlegg
AquaGen Profunda er nå i sluttfasa av å ferdigstille den nye stamfiskavdelinga. Utbygginga gjer at dei kan auka innlegga frå rundt 20 millionar til 100 millionar rognkorn.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Frode Sætre seier til Kyst.no at det byrjer å nærme seg avslutning, og overlevering av byggetrinn 1.
- Datoen er satt til 1. oktober 2018. Det er fylt vatn i to av dei fem nye 12 meters kara, og sjekk av lekkasjar pågår. Elles er det utprøving av dei forskjellige funksjonane ift. automatikk som skal sjekkast, og godkjennast.
Etter dette er gjort, påpeiker han det vert ei opplæringsperiode for personell på avdelinga som skal betene dei forskjellige operasjonane.
- AquaGen kjøpte Profunda i 2017 for å kunne auke og sikre rognproduksjon året rundt. Utbygginga no er ein del av planen for å nå desse måla, legg han til.
Tusen individ per kar
Selskapet har planlagt å flytte fisk over i eit av dei nye kara i veke 39-40. Neste flytting vert i veke 4-5 i 2019 for kar nummer to.
- Me startar med eit lite antal på 1000 individ i kvart kar. Det vert spanande å sjå korleis adferden til fisken vil vere i dei nye store kara, og mykje å fylgje med på for vår del også. Fisken skal trivast, ete godt, og utvikle seg i eit like bra miljø som den har hatt i dei andre avdelingane ved Profunda, sier Sætre.
Det nye bygget er på 2660,9 m2. Saman med eksisterande er det 4787,4 m2. I tillegg er det eksterne bygningsmassar i form av bygg på det regulerte området på ca. 1000 m2.
Slik Sætre ser det, så er det ikkje behov for fleire tilsette med den nye produksjonshallen.
- I periodar med handtering av fisk, kan det vere aktuelt å leige inn ekstra personell. På sikt med meir ferskvassressursar, og etablering av startfôring, påvekst, kjønnsmodningsavdeling, strykelinje og rognlager så må bemanninga opp til rundt 20 personar.
Med dei nye 12 meters kara vil AquaGen Profunda kunne produsere stamfisk som gir ei auking frå rundt 20 millionar til 100 millionar rognkorn.
Pumpar opp vatn frå 50 meter
Når det gjeld teknologi på anlegget, fortel han at trinn 1 er bygd basert på gjennomstrøyming.
- Sjøvatnet er henta i frå sandfiltrert grunnvatn. Barstadvik ligger på ein morenerygg med store ressursar på grunnvatn. Det er også det som gjer produktet så unikt. Det er eit naturleg rensesystem gjennom sanden som filtrerer ut bakteriar o.l. Vatnet vert pumpa opp frå grunnen heilt ned frå 50 meter.
På sikt vil det vere aktuelt med gjenbruk/resirkulering på ferskvatn og system for handtering av slam.
Anlegget er en totalenterprise fra Artec Aqua, og består av et komplett bygg for fem 12 meters kar, teknisk rom og arealer for fiskelogistikk og personalareal.
- Det er Artec Aqua som har prosjektert og levert dei nye kara, prosessanlegget og bygget. Det er mykje som er automatisert, og det meste av pumper o.l. er frekvensstyrte. Det er derfor lite manuelle justeringar/operasjonar på drift. Dette er det tredje landbaserte anlegget som Artec Aqua har levert til AquaGen (/NST). Dei to første prosjekta var i Steigen og Tingvoll, og anlegga fungerer veldig bra, fortel han.
Sætre ramsar opp desse punkta som har vore viktige for dei på det nye anlegget:
- Back up system. Nok pumpekapasitet og tilgjengeleg vassressurs til ei kvar tid.
- Karkapasitet. Mykje karvolum for lavt antal kilo/m3. Unngå å stresse fisk med høge tettheiter.
- Automatikk. Systemer som styrer operasjonar utan manuelle handteringar.
- Fiskevelferd. Utforming av kar, og beskytta utstyr i kar for å unngå at fisken sjølvskadar seg.
- Smittesluser. Eigne celler for kvart kar, med sluser for kvar celle. Vinduer inn til avdelingar for å unngå unødig trakk i cellene.