«AquaLens» vil auka verdien av havbruksdata
«AquaLens» vann teknologipris under Aquahack, og ynskjer å viderføre sitt idekonsept for bruk i havbruksnæringa.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Berent Ånund Strømnes Lunde, Sverre Johann Bjørke og Jon Dag Flølo Yksnøy har utvikla eit konsept som skal auke verdien av innsamla data frå havbruksnæringa.
Under AquaHack i Bergen fekk dei problemstillingar fra havbruksnæringa som dei skulle løyse. Svaret vart «AquaLens», og vennegjengen vann fyrstepremien i teknologiprisen som gav dei den nette sum på 30 000 kroner.
Berent seier at utviklinga av løysinga er inspirert av Grieg Seafood sin presentasjon som dei holdt i starten av Aquahack. Meir spesifikt problemstillinga rundt den kostbare avlusinga i havbruksnæringa.
- Me vart forklart at avgjersler i høve avlusing/ikkje avlusing blir tatt på bakgrunn av eit uttrekk som blir sjekka for lus, legg han til.
Gruppa såg tidleg at ikkje all informasjon i dette uttrekket blei nyttegjort, og arbeidde utifrå tanken om å nyttegjere all informasjon i innhenta data for problemstillingar generelt, men også avlusning spesielt.
- Løysinga vår er basert på to matematiske operasjonar som har ein analogi til konkave og konvekse linser. Informasjon blir sendt mot ei konkav line som sender lyset ut til alle kantar, noko som gjer at «informasjonen om informasjonen» blir gjort tilgjengeleg. Så vert informajsonen ved hjelp av ei konveks linse fokusert til innsikter som vi kan basere avgjersler på. Denne løysinga kalla vi difor for AquaLens, fortel han.
Karane viste frem ein live-demonstrasjon under sin fem minutters presentasjon for dommerane, og fekk vist fram korleis data frå lusetelling blei lasta inn.
- Me viste også korleis AquaLens fant ut at sannsynet for lus i merden var for stor, og at meir informasjon difor måtte innhentast. Når meir informasjon var tilstadens fant AquaLens ut at ingen avlusning var naudsynt. Dette skapar verdi i at avlusning berre skjer når du er sikker på at det er naudsynt, påpeikar Berent.
- Kunne berre testast på AquaHack
Berent fortel at utviklarane er ein vennegjeng frå Volda som per dags dato er spredt litt utover landet, som ville prøve noko nytt og meldte seg på konkurransen.
- Me hadde ikkje venta å vinna. Målet vårt med AquaHack var å gjere noko nytt og spanande som vener, samt sjå om ein klarer å fungere saman som eit team. Me har ei stund hatt tankar om å starte noko saman, og har leika med idear om diverse nyvinningar. I høve personlege eigenskapar utfyller me kvarandre veldig godt, men det er også essensielt å kunne fungere saman som eit lag. Dette er noko som berre kunne testast i praksis, og AquaHack var perfekt i så måte. Me meiner at me heilt klart fekk verifisert løysinga og fekk dei svara me trengte.
Premien på 30 000 er det ikkje fastsett kva skal nyttast til.
- Me var faktisk ikkje klare over at det var premiepengar når me meldte oss på, men me ser for oss at desse gjerne vil gå til utvikling. Vidare håpar me å få ein dialog med Bergen Teknologioverføring (BTO), og andre som har innsikter eller idear som kan hjelpe oss på veg, seier han.
Nyttegjer informasjon
Berent påpeiker at dei er takksame til alle dei kunnskapsrike representantane for sponsorane, som gjennom måndagen og tysdagen delte av sin kunnskap.
- Dette var essensielt for å verifisere våre idear, altså i prosessen der me gjekk frå «her er meir informasjon» til «slik nyttegjer me meir informasjon».
- Me må få gratulera dei dyktige arrangørane, i tillegg til å takka for fyrstepremie i tenologikategorien. Det aller gildaste var heilt klart å møte mange svært dyktige og kreative mennesker, som alle var fulle av skaparkraft. Det er kjekt når eit slikt arrangement kan skapa verdiar og positiv energi for alle involverte. Å delta på Aquahack var svært kjekt, og me ser heilt klart føre oss å gjere liknande ting igjen i framtida, seier han avslutningsvis.
Berent er PhD stipendiat i statistikk og aktuar, Sverre er systemutviklar i Knowit og Jon Dag er regnskapskonsulent.
Du kan også lesa meir om dei glade jentene Erica McConell og Natalie Brennan som mottok to priser for sitt konsept Digital Gut interface under AquaHack 2018.
Verdas fyrste hackathon for havbruksnæringa
Konkurransen som gjekk av stabelen på Mediacity i Bergen har over to dagar samla 45 deltakarar frå mange ulike land.
Deltakarane har i team på seks kjempa om å vinne førsteplassen i kategoriane «teknologi» og «konsept». Fyrsteplass i kategoriane vann 30 000 kroner og andreplassen fekk 10 000 kroner kvar. Dag ein av Aquahack bestod av idemyldring og oppgåve jobbing, og på dag to skulle teama presentere sin ide på fem minuttar for eit fagpanel.
Konkurransedeltakarane har blant anna vore dei fyrste som har fått lov å bruke sensitiv data fra AquaCloud, og har dermed kunne bruke virkelig data i konsepta dei har utvikla.
Eventen var eit delt samarbeid mellom NCE Seafood, NCE Media, IBM, Deloitte, Hatch, Bergen Kommune og Grieg Seafood.