Blom Fiskeoppdretts anlegg ved lokalitet Laksevika. Arkivfoto.

Blom Fiskeoppdrett vil flytta oppdrettsanlegg

Ein søknad om flytting av Blom Fiskeoppdrett AS sitt oppdrettsanlegg frå Laksevika til Holme, er no ute på høyring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kommunen sa først ja til utviding av anlegget i Laksevika, men måtte oppheva vedtaket, som var ein dispensasjon frå gjeldande kommuneplan, meldar Strilen. Forsvaret protesterte og viste til at anlegget ligg i ei strengt lovregulert militær forbodssone i sjø.

Dagleg leiar Øyvind Blom, fortel til Kyst.no, at dei ynskjer å flytte anlegget på Laksevika grunna lokaliteten kjem i vegen for forsvaret sine anlegg.

- Den gjeldande lokaliteten har to MTB`ar, ein konsesjonsavtale på 1560 tonn, forklarer han. 

Produksjonen på Laksevika som Blom ynskjer å flytte produserar laks og aure.

Administrasjonen i Meland kjenner ikkje til særskilte negative erfaringar med drifta av anlegget slik det er plassert i Laksevika, anna en konflikten med Forsvaret. Dei ser heller ikkje vesentlege negative konsekvensar ved å flytta anlegget til Holme, fortel dei til Strilen.

Administrasjonen meinar den aktuelle plasseringa som er utanfor Børegavlen, sikrar nok avstand til det kulturhistoriske miljøet på Holmeknappen.

Fristen for å koma med merknader er 12. august.

- Kommunen er den som avgjer kva som skjer vidare, men me ynskjer sjølvsagt å ha ein god dialog med kommunen når det gjeld Holmeknappen, og eventuelle bekymringar frå publikum, seier Øyvind Blom.

  • Blom Fiskeoppdrett AS har 7 ordinære matfiskkonsesjoner for laks og aure på 780 tonn MTB, samt 1 visningskonsesjon på 500 tonn MTB.
  • Selskapet driv og smoltproduksjon på Askøy gjennom dotterselskaet Strmsnes Akvakultur AS.
  • Hovedkontor og base for aktivitetane våre er i Blomvåg i Øyjorden Kommune.
  • Her har Blom dreve oppdrettsaktivitet sidan 1971. Blom har også avdelingar på Strømsnes i Askøy, Meland, Marøy på Radøy og Hodnelia på Lindås.