Gerhard Alsaker

Alsaker auka omsetnaden med 290 millioner kroner

Alsaker-konsernet- konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, auka omsetnad med over 290 millionar kroner, frå 879 millionar i 2012 til 1.169 millionar i 2013.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Auken i omsetnad kjem i all hovudsak frå ein betydeleg auke i snittprisen for laks for 2013, samanlikna med året før. Resultat før skatt enda på 346 millionar kroner, mot 48 millionar i 2012, skriv dei i ei pressemelding.

Driftsresultat er på 324 millionar kroner i 2013, og med ein omsetnad på 1.169 millionar kroner gir dette ein driftsmargin på 27,7 prosent.

Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland. I 2013 produserte konsernet i overkant av 34.000 tonn laks, mot i overkant av 37.000 tonn året før.

- Produksjonsmessig har 2013 vore eit middels godt år for konsernet. Både produksjons- ogslaktekvantum gjekk litt ned samanlikna med året før. Den kalde vinteren, med sjøtemperaturar i periodar ned mot ein til to grader, gjorde at fôring og tilvekst blei redusert i første halvår. Konsernet har arbeidd hardt og målretta over fleire år for å betra helsesituasjonen i matfiskanlegga. Dette har gitt gode resultat og i 2013 hadde ein berre eitt nytt utbrot av PD, men talet på daufisk i samband med utbrotet var relativt lågt, påpeiker dei.

- Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein veldig sterk etterspurnad gjennom heile 2013. Det globale tilbodet av atlantisk laks auka med cirka to prosent medan gjennomsnittsprisen på laks auka med heile 44 prosent samanlikna med året før, avsluttar dei.