Alsaker med ein driftsmargin på 9.5 prosent
Alsaker-konsernet fekk eit driftsresultat på kr 41 millionar i 2008. Med ein omsetnad på 436 millionar gir dette ein driftsmargin på 9,5 prosent. Omsetnaden gjekk ned, frå kr 449 millionar i 2007 til kr 436 millionar i 2008. Dette skuldast delvis ein liten reduksjon i slaktevolumet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Resultat før skatt enda med eit underskot på kr 6 millionar mot eit overskot på kr 74 millionar i 2007. Under finanspostar er det bokført eit urealisert valutatap på inngåtte terminkontraktar på kr 24 millionar, skriv selskapet i ei pressemelding. Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2008 5 smoltanlegg, 20 matfiskkonsesjonar og eit slakteri. I 2008 produserte konsernet nesten 20.000 tonn laks, mot nesten 21.000 tonn året før. Ved utgangen av året hadde konsernet 125 tilsette. Produksjonen i konsernet skjer i 12 kommunar: Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Sveio, Meland og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland. Produksjonsmessig har 2008 ikkje vore noko godt år for konsernet. I første halvår hadde ein fleire nye utbrot av fiskesjukdommen pancrease disease (PD) på fisk sett i sjøen i 2007. Dette har resultert i høg dødlegheit, redusert tilvekst og høg fôrfaktor i 2008. Frå og med hausten 2008 har PD-situasjonen gradvis betra seg, og konsernet har ikkje hatt dødlighet som følgje av PD på fisk sett i sjøen i 2008. Konsernet har som mål å vaksinere all fisk mot PD, og av fisken som blei sett i sjøen i 2008 var 87 prosent vaksinert. Av haustutsettet er 100 prosent av fisken vaksinert. Vaksineringa har, saman med enkelte målretta endringar i driftsform, resulert i betydeleg reduksjon i dødlegheiten. Det var god fôring og tilvekst dei siste månadene av 2008. Den postive utviklinga har halde fram så langt i 2009. Den internasjonale marknaden for laks har vist ein god vekst også i 2008. Marknadsprisen for laks har vore omtrent på nivå med 2007.
(Alle tal i mill.) 2008 2007Sum driftsinntekter 435,8 448,8EBITDA (driftsresultat før avskrivingar) 77,3 99,1Driftsresultat 41,4 73,5Resultat før skatt -6,2 74,0Resultat etter skatt -4,2 55,7 Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på vel kr 300 millionar - noko som gjev ein eigenkapitalandel på 31 prosent.