Aqua Nor: Nylansert TAG-sensor

- Den nylanserte sensoren til TAG Sensors har vore i ein uttestingsfase hos over ti ulike pilotkundar, men er no klar til bruk. Sensoren som måler rett temperatur kvart tjuande minutt, vart ferdigstilt for tre veker sidan, fortel Administrerande direktør Knut Nygård.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Therese Soltveit

- Ved å lese av minnet i sensoren, kan ein gjennom ein app raskt hente ut data over temperaturmålingane. TAG Sensors har utvikla nye løysingar for enkelt å kunne ha kontroll med temperaturen ved frakt av fisk og andre typar ferskvarer, forklarar Knut Nygård, då Kyst.no tok ein prat under Aqua Nor messa i Trondheim.

- Ved å lese av minnet i sensoren, kan ein gjennom ein app raskt hente ut data over temperaturmålingane, fortel Knut Nygård. Her saman med prosjekt ansvarleg Raymond Solvang.  Foto: Therese Soltveit

Nyheita som selskapet ynskjer å promotere på årets Aqua Nor er ei løysing som består av ein etikett med temperatursensor med minne som du kan lese via en app.

I tillegg til sjølve sensoren er hovudløysinga den unike databasen som kan umiddelbart lesa av temperaturen på gjenstanden, samt eksakt adresse der varen vart lese av.

Kryptert informasjon

- Databasen er unik og resultata kan ikkje manipulerast. Sensoren sender automatisk all data når den vert lese av, og ein får raskt opp resultatet på sin eigen telefon eller nettbrett etter informasjonen har vorte kryptert. Dette kan både mottakar og sendar få tilgong til gjennom appen med det same det vert lest av, fortel Nygård.

I mars lanserte dei pilotprosjektet med en sensor som blant anna kan brukast i medisin, fôr og fiskevarer og mykje meir. For berre tre veker sidan vart det ferdige produktet lansert.

- En fiskevaksine har 18 månaders levetid, og sensoren vår kan måla temperaturen på gjenstanden heile denne perioden kvart tjuande minutt. Kvar sensor har ein unik ID-brikke som gjør at selskapet veit nøyaktig kva sensor som er kor. Slik kan du kontrollera at vara du sendar faktisk kjem til rett stad og rett mottakar, forklarar han.

- Vår største kunde er McDonalds kjeda, no ynskjer vi å satse enda meir på sjømatnæringa framover, legg han til.

To ulike delar

Direktøren forklarer at konseptet består av to deler, ein NFC temperatursensor, der ein brukar android mobiltelefon eller et nettbrett for avlesing av temperatur grafen av kjølekjeda frå produsent til mottakar.

Den andre delen består av ein RFID temperatursensor, som er eit klistremerke med antenner som gjer at det kan lesast på lengre avstand.

Sensorane kan stillast inn for å måle temperaturen med ulike mellomrom, frå 30 sekundars intervall og oppover til 2-3 gongar dagleg etter behov. Kvar sensor har en unik id og eit minne som vert lest av som ein graf.

- Under uttestinga vart det gjort endringar tilpassa kvar enkelt kunde, slik at vi fikk den perfeksjonert for nettopp dei. Vi produserar fleire hundre tusen sensorar i året, men det tykkjer eg kan lett aukast og det er kapasitet til å få på plass nye kundar, seier han.

- Sensoren er bygd for å vera kostnadseffektiv for kunden, den har ein chip med ei klokka, sensor og minne som hugsar alle temperaturane som vert målt. Når sensoren er lese av, kan den kastast i bosset. Batteriet er printa og inneheld ingen farlege metall, forklarar han.

Difor skadar det ikkje miljøet og kan brukast på alt mogleg. Både i matvarer og medisinar. Selskapet produserar sensoren i Spania, men ynskjer no å satse i Mo i Rana, der de sjølv ynskjer å produsere produktet. Planane er i arbeid og skal setjast i gong så raskt som mogleg, kjem det fram.

- Vi skal byggja ein produksjonshall i Norge noko som er svært positivt, for det vil skapa arbeidsplasser i kommunen, seier Nygård til Kyst.no.

  • Løysinga er testa hos Sintef Fiskeri og Havbruk, og er i tillegg sertifisert av Norsk Sertifisering og Teknologisk Institutt.
  • Produksjonen av sensorane skjer i utlandet hos to ulike leverandørar.
  • TAG har også kontor i Finland, Polen, Brasil og England.