Vidar Nikolaisen

Bør fokusere på virusvaksiner

-Hovudutfordringa til oppdrettsnæring er mangelen på gode vaksinar mot virussjukdomar. Dette må vi fokusere meir på, seier styreleiar Vidar Nikolaisen i Fiskehelseforeininga. I dag held han innleiing om emnet på Lofotseminaret.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Norsk oppdrettsnæring har utvikla seg rakst og grundig forskingsinnsats har vore avgjerande for å komme dit næringa er i dag. Men virussjukdomar medfører enno store kostnadar for næringsaktørane. -Vi manglar gode vaksinar mot dei fleste virussjukdomar, seier Nikolaisen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Enklare med bakteriar Når det gjeld bakteriesjukdomar viser Nikolaisen til at vi har vi gode og verknadsfulle vaksiner, i alle fall på laks. Utfordringa her er litt større for torskenæringa, men dette trur han vil løyse seg ganske fort. Det er lettare å utvikle vaksinar mot bakteriesjukdomar som fransicelose. Samordning av ressursar Statistikken over antibiotikaforbruk kan synast å vise at utviklinga i norsk oppdrettsnæring går veldig bra, men i fylgje Nikolaisen fortel ikkje dette heile sannheita. Han meinar fokuset må rettast mot hovudutfordringane i næringa, og at fleire miljø bør samordne innsatsen sin for å løyse problema. Mykje av kostnadane med utvikling av nye vaksiner vert i dag lagt over på vaksineprodusentane, men aktørane i næringa burde kanskje delteke i større grad i denne delen av prosessen. -Oppdrettarane betalar når dei skal kjøpe vaksinen, men det kan vere meir føremålsteneleg om dei store aktørane samordnar ressursane sine i prosjekt der også forskarar frå fleire ulike miljø deltek i arbeidet med å løyse konkrete problemstillingar. Dette kunne fått fortgang i prosessen, seier Nikolaisen. Han legg til at ein felles innsats kanskje også kunne vere med å hindre at patentrettar fungerar som ein propp i systemet.