Forklarar utslepp med menneskeleg svikt
Noregs Miljøvernforbund har meldt Nordmøre Oppdrettservice til politiet for det organisasjonen meinar er alvorleg forureining. Selskapet forklarar utsleppet med menneskeleg svikt.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Etter befaring ved anlegget til Nordmøre Oppdrettservice tidlegare denne månaden har Noregs Miljøvernforbund med Kurt Oddekalv i spissen meldt selskapet til politiet for alvorleg forureining. Styreleiar Olav Andreas Ervik i Nordmøre Oppdrettservice forklarar utslepp frå selskapet med menneskeleg svikt. -Det var menneskeleg svikt som gjorde at vi fekk utslepp i sjøen, men no har vi investert i utstyr som gjer at vi unngår dette i framtida. Meir vil eg ikkje sei om denne saka no, seier Ervik til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Les også