Steinar Eliassen

Høgare volum og høgare prisar

Prisen på fersk torsk har gått opp med om lag ti kroner kiloet no i haust, noko som også var venta. –Volumet har auka mykje, men det er likevel undreskot på torsk i marknaden, så prisane vil halde seg, seier Steinar Eliassen i Nordfra.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Sjølv om volumet av fersk oppdretta torsk har auka frå i fjor, så er det underskot i marknaden så stort at administrerande direktør Steinar Eliassen i eksportselskapet Norfra trur prisane vil halde seg høge til over jul.

Norfra sel både oppdretta og villfanga torsk, og Eliassen meinar kombinasjonen  fungerar veldig bra. -Oppdrettstorsken er til ein vissgrad med å dekke etterspurnaden etter fersk torsk om sommaren og på hausten, seier Eliassen. Men han framhevar også at det no er mangel på torsk ute i marknaden og at prisane difor vil halde seg på eit forholdsvis høgt nivå i lang tid framover.

Meir torsk i år Dei gode prisane på oppdrettstorsk held seg sjølv om volumet har auka svært mykje i haust samanlikna med hausten 2009. Rundt rekna så er det eksportert 40 prosent meir oppdrettstorsk så langt i år enn på same tid i fjor. -Og dersom vi ser dei siste vekene for seg, så har vi eksportert rundt 60 prosent meir oppdrettstorsk i år, seier Eliassen. I 2009 vart det slakta rundt 150 tonn i veka i denne perioden, medan slaktevolumet i år ligg på rundt i 250 tonn i veka.