Håpar fornufta vil rå
Mattilsynet vil legge brakk store områder i Sør Troms for å hindre fleire utbrot av ILA, men oppdrettarane meinar det er feil strategi. -Vi håpar fornufta vil rå, seier Tor Elvegård i Nord Norsk havbrukslag.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Etter mange utbrot av ILA i Sør Troms har Mattilsynet føreslått å innføre ei ny føreskrift med ei bekjempingssone som omfattar 12 kommunar i Sør Troms og to i nordre del av Nordland. Forskrifta er til høyring og no diskuterar aktørane alternative løysingar. Fristen for å komme med innspel er sett til femte september. -Vi håpar våre innspel og alternativ i høve til å få kontroll med ILA situasjonen vert tatt til fylgje i utarbeiding av endeleg forskrift. Næringa kan ikkje leve med ei stor bekjempingssone slik Mattilsynet har føreslått, seier Elvegård til Norsk Fiskeopdprett/ kyst.no
Nødvendig med ei stor sone Mattilsynet meinar ei stor sone er nødvendig for å vere sikker på å bli kvitt problema, men Angela Westphal i Mattilsynet i Sør Troms framhevar at utkastet til føreskrift berre er eit forslag. -Vi kan sjå føre oss mange ulike løysingar, men dette veit vi jo meir om når høyringsfristen er over femte september, seier Westphal.
Tett kontakt med næringa Ho framhevar at hovudoppgåva til Mattilsynet er å hindre utbrot og spreiing av sjukdom. Dette vil medføre kostnadar og vil aldri vere uproblematisk for dei det gjeld. Men ho påpeikar at Mattilsynet ikkje vil krevje at det vert gjort større inngrep enn det som er nødvendig. -Mattilsynet har som mål å bidra til ei berekraftig næring, men dette kan av og til medføre tiltak som på kort sikt kan vere veldig inngripande for nokon. Når det er sagt vil eg også sei at vi har tett kontakt med dei oppdrettarane dette gjeld, og vi prøver så godt vi kan å bidra til å finne praktiske løysingar . Eg veit også at ein del av oppdrettarane samarbeidar for å finne alternative løysingar, seier Westphal. Håpar det er slutt på utbrota Westphal påpeikar også at dersom det ikkje hadde vore føreslått ei stor bekjempingssone, ville mange sett ut fisk i området no i sommar, og det trur ho ikkje hadde vore heldig. Men kva som blir den endelege løysinga, er heilt avhengig av korleis situasjonen utviklar seg, og ho håpar inderleg at det ikkje kjem fleire utbrot no.