Økonomiske problem for torskeselskap
Problem med sjukdom har skapt store økonomiske problem for Marin Invest i Møre og Romsdal. Selskapet driv sjøbasert påvekstanlegg for torsk.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Sist veke melde Codfarmers om eit tap på 14,6 millionar kroner på grunn økonomiske problem i Marin Invest som leverar yngel til selskapet. Tom Stemre i advokatselskapet Stemre bekreftar at problem med virussjukdommen viral nervevevsnekrose (VNN) har skapt økonomiske problem for Marin Invest. -Eg vil ikkje kommentere børsmeldinga frå Codfarmers, den får stå for seg sjølv, men eg kan bekrefte at sjukdom på fisken har skapt økonomiske problem for Marin Invest, seier Stemre til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Selskapet har no kalla inn til styremøte der ein skal vurdere kva disposisjonar selskapet skal gjennomføre og Stemre vil ikkje gi fleire kommentarar før nødvendige tiltak er sett i verk. Marin Invest er eigd av Bård Sindre Skarshaug med 68 prosent, Havlandet Havbruk med 20 prosent og Codfarmers med 12 prosent. Les også