Håvard Jørgensen

Må få oversikt over fangstinnsats

- Dagens villaksforvaltning føregår med bakgrunn i svært usikre tal, så det aller viktigaste no er å få full oversikt over fangstinnsats og kor mykje villaks som vert fanga både i sjøen og i elvane. Det seier Håvard Jørgensen i NSL.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Administrerande direktør Håvard Jørgensen i Norske Sjømatbedrifters Landsforeining (NSL) meinar dagens råd om villaksforvaltning som vert presentert ovanfor politiakarar og offentleg forvaltning er bygd på usikkerheit.

Han etterlyser konkret informasjon om fangstinnsats, på same tid som han stiller spørsmål ved mandatet som ligg til grunn for arbeidet med den årlege rapporten som omhandlar status for villaksen og utvikling av bestandane. - Poenget med denne rapporten frå Vitskapleg råd for lakseforvaltning er å kunne legge fram eit dokument som kan brukast som eit utgangspunkt i arbeidet med forvaltning av villaksen. Men med eit mandat der leiaren for utvalet som står bak rapporten skal ha siste ord med tanke på kva som skal stå i den, og der medlemmane ikkje kan reservere seg mot delar av innhaldet, risikerar ein at det føregår faglege diskusjonar som politikarar og andre som skal ta avgjerder om forvaltning av villaksen ikkje får kjennskap til, seier Jørgensen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Han meinar dette inneber at politikarar og andre som skal ta avgjersler ikkje vil kunne ha ein sunn debatt med full oversikt i tilfeller der det har vore usemje i utvalet.

Usikkert estimat I årets rapport som nyleg vart offentleggjort, kjem det fram at rådet er svært usikker på estimatet for kor mykje laks som returnerar til dei einskilde elvane kvart år. Men dette har i fylgje Jørgensen ikkje vore særleg tydeleg i dei medieoppslaga som har omhandla innhaldet i rapporten. - I media vert det konstatert at det har vore ein sterk nedgang i innsiget av villaks til elvane, og at dette er dramatisk for villaksen. Men så lenge denne informasjonen baserar seg på ein berekningsmodell for innsig av laks berre med utgangspunkt i fangsttal, utan at ein veit noko om fangstinnsatsen, så betyr jo det i praksis at ein har ein ukjend i ei likning som ein trekke ein konklusjon frå, seier Jørgensen.

Treng meir kunnskap Håvard Jørgensen meinar det er vanskeleg å konkludere med noko som helst når det gjeld utviklinga av villaksbestandane så lenge grunnlaget for å gi eit estimat ikkje er godt nok. - Ein prøver å gjere noko meir enn det som i praksis er mogeleg med så usikre fangsttal, og sjølv om det står i rapporten at rådet for lakseforvaltning er usikker på estimatet for kor mykje laks som faktisk returnerar til elvane, så er denne usikkerheita viska vekk når saka får fokus i media. Difor er det heilt sentralt at ein no konsentrerar aktiviteten om å få på plass god kunnskap om kor mykje laks som faktisk kjem attende til elvane, seier Jørgensen til slutt.