
Marknadsfører norsk laks i Russland
-Vi marknadsfører norsk laks i Russland i sommar, men større kampanjar med smaksprøver, opplæring av personell i fiskedisk og restaurantkampanjar krev meir stabil tilgang på laks. Det seier Ingelill Jacobsen i Eksportutvalet for fisk til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Sist veke etterlyste Børge Prytz Larsen i Royal Atlantic Seafood som importerar norsk laks til Russland ei meir aktiv marknadsføring av norsk laks denne sommaren. Han meinar det er brukt mykje midlar på generisk marknadsføring dei siste åra, og at effekten av dette fort kan forsvinne dersom det ikkje vert laga ein handlingsplan for norsk sjømat i Russland. Marknadsføring i Russland Ingelill Jacobsen seier til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no at Eksportutvalget for fisk at norsk laks vert marknadsført i Russland i sommar. -Når det gjeld kampanjar, så held vi eit vist trykk med annonsar som fokuserar på grilling. Vidare sponsar vi fjernsynsprogrammet "Jedim Doma" også her med fokus på grilling av norsk laks i sommarmånadane. Elles jobbar vi med andre type events og distribusjon av informasjon som bidreg til å styrke omdømmet for norsk laks i Russland, seier Jacobsen. EFF er i dialog med kjedar og restaurantar og er i fylgje Jacobsen klare til å sette i gang med større kampanjar så snart tilførselen av laks er normalisert. Krylliske bokstavar Prytz Larsen viste også til at etterspurnaden etter norsk laks og aure er dalande og at det russiske marknadsføringsbyrå som hans selskap nyttar, meinar dei vil tene på å nytte kryllisk skrift i marknadsføringa av laksen. Dette har Jacobsen ingen kommentar til sidan dei alltid har brukt krylliske bokstavar i marknadsføringa. Ho trur også at dei fleste produsentane nyttar krylliske bokstavar i si marknadsføring.