
Mattilsynet på Aqua Nor 2007
Mattilsynet vil være til stades på Aqua Nor og satsar i år på temadagar der ein stiller med spisskompetanse på visse områder for betre å kunne svare på spørsmål frå næringsaktørar og andre.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Aqua Nor vert rekna som den viktigaste internasjonale samlinga og den fremste møtestaden for alle som har tilknyting til fiskeoppdrett. Her vert alle nyhende, produkt, tenester, forsking og anna utvikling med relevans for næringa presenterte. Aqua Nor vert arrangert annakvart år og har dei siste åra samla 20 000 besøkjande frå meir enn 65 nasjonar. Mattilsynet deltek med stand på messa og ser på dette som ein møtestad som er med på å fremje og oppretthalde ein god dialog mellom næring, forsking og forvalting. Temadagar Mattilsynet satsar i år på temadagar der vi stiller med spisskompetanse på visse områder for betre å kunne svare på eventuelle spørsmål. Tysdag 14. august – Fiskehelse Onsdag 15. august – Eksport av fisk; attestar og MATS Torsdag 16. august – Skjel Fredag 17. august – ikkje noko særskilt tema På standen finn ein også ulikt informasjonsmateriell utarbeidd av Mattilsynet. Ein kan sjølvsagt besøke Mattilsynet for å slå av ein prat under heile messa, dersom vi ikkje kan svare på eventuelle spørsmål på staden, vil vi notere spørsmål og kontaktinfo for å kunne ettersende svar, melder Mattilsynet.