Bente Olsen

Nyskaping i Hasvik

Bente Olsen som er dagleg leiar og medeigar i Arctic Sous-vide Products AS i Hasvik, har endeleg fått det svaret ho har venta på. Tirsdag fatta Innovasjon Norge vedtak om å gi lån og tilskot på over fem millionar kroner til den nyskapande verksemda i Vest-Finnmark.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bente Olsen (Rettighetshaver: Kari Johanna Tveit)
Bente Olsen deler ut smaksprøvar og demonstrerar kor lett det er å lage til sousvideprodukta
Foto: Kari Johanna Tveit
Kari Johanna Tveit
Eigarane av Arctic Sous-vide Products har arbeida i over to år for å få etablert verksemda som skal levere sousvide produkt til storhushaldingsmarknaden. 
 
Tilskotet frå Innovasjon Norge dekkjer mellom 40 og 45 prosent av totalkostnadane på 15 millionar. Eigarane har skjølve lagt fire millionar kroner på bordet i bedrifta som startar opp med ti arbeidsplassar, med ei målsetting om å bli større etter kvart.

Bente Olsen som har grunnleggande kompetanse både på marknadsføring, økonomi og bedriftsutvikling, har stor tru på prosjektet. Det er gjennomført eit grundig arbeid både når det gjeld produktutvikling og marknadsføring av produkta.

I første omgang satsar ein på kvitfisk som råstoff, både som naturell og med ulike krydder, men på sikt er det også eit mål å nytte laks som råstoff til sousvideprodukta frå Hasvik.