kvitnes oppdretsbåt levert Mainstream 2013

Oppdrettsbåtaroverlevert til Mainstream

Risnes Marine Craft as overleverte i går, måndag 22. juli, to arbeidsbåtar for oppdrettsnæringa til Mainstream Norway as i Finnmark.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Begge båtane er av den nye typen Risnesbåtar, katamaranbåtar produserte i aluminium og konstruerte for å tola nye og skjerpa krav m.a. til stabilitet. Sjølve overleveringa skjedde på industriområdet på Sunde, og båtane set kursen nordover i dag. Den eine båten går direkte til Finnmark, medan den andre skal innom Trondheim, der han skal visast fram på Aqua Nord, i august.

Mainstream Finmark har no ti Risnesbåtar, desse to er dei fyrste i aluminium.

Me har eit godt samarbeid, der dei medverkar til ei kontinuerleg produktutvikling av båtane gjennom tilbakemeldingar til oss, seier dagleg leiar Ronald Hellenes i Risnes Marine Craft as i ei pressemelding. Båtane, ”Kvitnes” og ”Kvaløya” er 13 meter lange, 6,5 meter breie.