Vasilij-katedralen på Den Røde plass i Moskva, Russland

Russland har meir å gå på

Eksporten av laks og aure til Russland har hatt ein enorm auke etter tusenårsskiftet. Christen Mordal i Mordal Consulting meinar nabolandet i aust har enno meir å gå på.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Russland er eit av våre største eksportmarknadar, men så langt er fersk laks og aure i hovudsak berre tilgjengeleg i dei aller største byane. No trur Mordal veksten vil spreie seg til fleire områder. -Ein vekst må komme gjennom ekspansjon av moderne marknadssegment, og konkurransen i dei største byane er no så stor at super- og hypermarknadskjedar som vil ekspandere går mot dei nest største byane, seier Mordal. Han meinar sjømatnæringa har eit stort potensial, men treng lokomotiv for å realisere det. Andre land kjem etter Mordal har også sett på i ein del andre land i Aust Europa og han trur utviklinga her vil skje på same måten som i Russland. -Vi ser denne utviklinga i fleire land i Aust Europa og Ukraina, som kanskje er aller lengst framme av desse landa, ligg berre to år etter Russland både når det gjeld kjøpekraft, industriell produksjon og når det gjeld utbygging av super- og hypermarknadar, seier Mordal.

Trur også på andre artar Mordal vurderar den russiske marknaden som ein svært krevjande og avansert marknad, men han trur mange russarar er mottakelege for andre og meir eksotiske produkt enn det vi eksporterar i dag. -Russarane er open for det meste, og ein del betalar nesten kva som helst for eksotiske produkt, seier Mordal til Norsk Fiskeopdrett/kyst.no. Mordal har lang erfaring frå arbeid med Russland, mellom anna som fiskeriråd ved den Norske Ambassaden i Moskva i tre år. I dag skal han snakke om potensiale for norsk sjømatnæring i Aust Europa på Eksportutvalet for fisk og Nordea sitt seminar i samband med Nor-Fishing i Trondheim .