Salmon Blog: Havets husmenn?

Det har ofte blitt framstilt som at fiskeri og oppdrett er næringar ein har av distriktspolitiske omsyn, for at der skal kunne vere busetnad langs kysten, skriv Øyvind Kråkås i Salmon group.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Teksten under er eit utdrag frå tekst skriven av Øyvind Kråkås, på Salmon groups nettstad.

Eg oppfattar det heilt omvendt, Noreg som nasjon har store deler av sitt ressursgrunnlag langs kysten og på havet. Vi må innrette oss slik at menneske vil bu der og ta hand om ressursane i samfunnet si interesse.

Næringa har av ulike årsaker gjennomgått strukturendingar. Nokre av desse har vore heilt uunngåelege og har verka oppbyggande. Andre har vore basert på økonomiske stemningar, spekulasjon og skyhøge kredittar.

På eit tidspunkt går den sokalla konsolideringa over til å bli ein marknadsdominans. Og det veit jo økonomane, at sterk marknadsmakt er den frie konkurransen sitt uheldige vippepunkt. Problemet er at ein sjeldan innser at marknadsmakta er for stor før det er for seint. Og dessutan har vi ei ibuande tillit til aktørar som er store og mektige.

At befolkninga som bur langs kysten skal kunne ha eigarskap i ressursforedlinga som føregår her, er i heile samfunnet si interesse. Å setje vekk dette eigarskapet til fåtalsinteresser, og gjerne utanfor vårt eige land, har ikkje nokon positiv effekt. Vi skal vere opne for investeringar, men ikkje la oss kjøpe ut. Det håpar eg regjeringa og stortinget og meiner, når dei no skal lage ei havbruksmelding.