Jan Klev

Skarvens Kulinariske Teater

Aktiviteten på Skarvens Kulinariske Teater som opna på Vertshuset Skarven tidlegare i år, har vore over all forventning. -Faste kundar brukar lokala våre på ein ny måte, og i tillegg har vi fått mange nye kundar, seier medeigar Jan Klev til kyst.no

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit
I dei nye lokala på Vertshuset Skarven i Tromsø er det lagt til rette med amfi, kjøkken og restaurantlokale. Lokalet vert nytta til pressekonferansar, kokkekonkurransar, matkurs, intern opplæring, og mykje meir.
-Vi har aktivitet i lokala fem dagar i veka, og er svært fornøgd med resultatet så langt, seier Klev.
Katrine Jensen som tidlegare var kokk på fiskerestauranten Arctandria har ansvaret for den daglege drifta ved Skarven Kulinariske Teater. Den nye tittelen hennar er: teaterchef.
-Det skjer mykje nytt her, og det aller kjekkaste er kansje at eg har mykje meir direkte kontakt med kundane, enn det eg hadde tidlegare, seier Jensen.
Eksportutvalget for fisk (EFF) og Artisk Meny brukar lokala mykje i samaband med matdemonstrasjonar og kokkekonkuransar. EFF har mellom anna hatt med seg kinesisk fjernsyn som filma både fisken og korleis den vart tillaga.