Valland Aina

Smolten er gull verdt

Smolten er gull verdt for oppdrettarane, og dei vil gjere alt dei kan for å produsere den fram til prima vare. Det seier Aina Valland i Fiskeri og havbruksnæringens landsforeining til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I går la Fiskeridirektoratet fram resultatet frå ei undersøking om samanhengen mellom storleiken på fisken og maskevidda i oppdrettsnøtene. Undersøkinga er gjennomført av Havforskingsinstituttet. Fiskeridirektoratet fryktar at stor etterspurnad etter smolt vil medføre leveransar med ulik storleik og at nøtene som vert nytta er for grovmaska. Denne påstanden er bygd på tal frå notprodusentane som syner maskevidda på nøtene som oppdrettarane kjøper. Ein trur resultatet kan bli auka rømming dersom maskevidda i smoltnøtene ikkje vert redusert. -Dette er ei viktig problemstilling, men det inntrykket vi har så langt er at oppdrettarane brukar nøter med maskevidde som ligg innanfor Fiskeridirektoratet sine anbefalingar, seier Valland. I si uttaling påpeikar også Fiskeridirektoratet at resultatet frå skjelprøvar tatt i norske laksevassdrag syner at overraskande mykje av fisken har rømt på smoltstadiet. -Vi har også registrert tal som tyder på at det er smolt i elvane, og difor er dette eit svært viktig tema for rømmingsutvalet, seier Valland til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no

Les meir om undersøkinga her