Ola Braanaas

Viktig for norsk sjømatnæring

-Det er veldig bra for sjømatnæringa at EU har oppheva straffetollen på norsk aure. Det betyr at fleire munnar skal mettast med auren vår, seier Ola Baraanaas i Firda Management til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

Vanskeleg situasjon Tida med straffetoll har vore vanskeleg for dei som produserar aure. Japan var ein svært viktig marknad, men konkurransen med aure frå Chile har skapt eit stort prispress i denne marknaden. Difor har Russland vore rekna som den store marknaden for norsk aure i seinare tid, men her er det ikkje alle som har eksportløyve, så no trur Braanaas at situasjonen skal bli enklare for produsentane. Han trur også at prisane, som har lagt litt under lakseprisane, vil gå opp no når ein får ein betre konkurransesituasjon.

Halvparten er aure Firda Management produserar mellom fem og seks tusen tonn aure i året, noko som er om lag halvparten av den totale produksjonen i selskapet. Då straffetollen vart innført gjekk om lag 20 prosent av auren frå Firda Management til EU.