Ørret

Vurderar å destruere 800 000 fisk

Tidlegare i sommar vart det påvist eit nytt utbrot av VHS på ein av Fjordlaks sine lokalitetar i Storfjorden i Møre og Romsdal. No vurderar Mattilsynet om fisken i anlegget skal destruerast

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I Juli stadfesta Mattilsynet utbrot av VHS på lokaliteten Vindsneset i Storfjorden i Møre og Romsdal. Mattilsynet hadde i utgangspunktet fatta vedtak om ein saneringsdato, men har valt å utsette denne i 14 dagar. Fjordlaks ønskjer å ha fisken i anlegget fram til den skal slaktast og Mattilsynet går no igjennom skriftleg informasjon frå selskapet. -Så langt er det ikkje høg dødlegheit i anlegget, og vi vurderar no den informasjonen vi har fått inn. Vi må fatte eit vedtak som gjev Fjordlaks minst mogeleg belastning, på same tid som vi må sikre at sjukdomen ikkje spreier seg til andre lokalitetar, seier regiondirektør Bjørn Røthe Knudsen i Mattilsynet til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no, Ei utvida bekjempingssone som også omfattar lokaliteten Vindsneset vil ikkje omfatte andre selskap enn Fjordlaks.