– Laks er vår einaste internasjonale merkevare
TV-profilen Arne Hjeltnes har jobba med «laks er viktig»-kampanjen sidan 2011. - Dette er tredje runde i våre forteljingar om kva laksenæringa betyr. Så langt har me laga 27 reklamefilmar med autentiske personar frå næringa. Den nye filmen er me veldig godt nøgde med. Den fortel om den store suksessen laksen vår er i den store verda. Det er vår einaste internasjonale merkevare, seier Hjeltnes, som er nordisk konsernsjef i reklamebyrået Creuna.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Laks.no har fått ny drakt og fornya kampanjesida si, der norsk laks skal formidlast gjennom massemedia, sosiale medium og TV.
«Laks er viktig for Norge»-kampanjen for 2016 starta 4. januar, der Arne Hjeltnes blant anna har laga ei rekke intervju med kjende og profilerte fjes i næringa.
- Kvifor er desse reklamane så viktige for norsk laks?
- Nordmenn har det godt. Men ein dag vil oljeinntektene verta betydeleg mindre. Då er det havet me skal leva av, slik me har gjort i tusenvis av år. Det er viktig å minne nordmenn på at me må skapa verdiar og visa fram det store bidraget laksenæringa gir til samfunnet vår, seier Hjeltnes.
Vår einaste merkevare
Han seier det totalt er gjort ni intervju, og han gjer gjerne fleire opplysar han.
- Dette er tredje runde i våre forteljingar om kva laksenæringa betyr. Så langt har me laga 27 reklamefilmar med autentiske personar frå næringa. Den nye filmen er me veldig godt nøgde med. Den fortel om den store suksessen laksen vår er i den store verda. Det er vår einaste internasjonale merkevare, fortel han.
Les også: Pangstart på nytt år for norsk laksekampanje
Hvorfor er nettopp disse personene valt ut til intervju, kan du si litt om det?
- Me ynskjer å gje eit breidt bilete av næringa, snakka med forskarar og andre som engasjerer seg i mat, miljø og framtida. I desse samtalane kan me gå litt grundigare til verks og få betre bakgrunn og kunnskap. Det kjem fleire og dei vil vera med å underbygga at me ynskjer å få gje litt meir informasjon til dei som vil setta seg inn i kva lakseproduksjonen er, betyr og har av utfordringar, seier Hjeltnes.
Han seier det er altfor mange myter og altfor mykje feil fakta i debatten om laksen.
Kva er bodskapet i desse reklamane?
- Eg ser at mange andre ynskjer å bruka dei same grepa som me byrja med i 2011; å bruka ekte folk frå næringa som fortel kva dei driv med. Dette er sanne historiar med folk som jobbar med dette. Det er ikkje eit polert reklameuttrykk. Eg trur på informasjon og ynskjer å presentera næringa slik den er. Det fortener den. Me ynskjer ikkje å skapa noko glansbilete. Men ei sak har alltid fleire sider, seier han til kyst.no.
Ynskjer meir laks
Les også: – For noen tall, det ble ny rekord i år
Han meinar nokre av hovudutfordringane til bransjen er at verda ynskjer meir laks enn kva som er mulig å produsera.
- Etterspurnaden veks. Berre to prosent av maten på jorda kjem frå havet. Me må produsera meir og i stor skala. Eg håpar difor at me får kontroll på luseproblemet, slik at me kan realisera ei femdobling fram til 2050. Dessutan er det viktig med ein kunnskapsbasert debatt om laksenæringa, ikkje synsing. Det vil me bidra med, avsluttar Hjeltnes.