Artec Aqua har levert utstyret til Cermaqs settefiskanlegg i Forsan, der det kan produseres 12 millioner smolt. Foto: Bjørn Finnøy/Artec Aqua.

Brimer med betydeleg kontrakt med Artec Aqua

Brimer fekk hausten 2016 inn ei viktig ordre frå Artec Aqua, melder selskapet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Brimer skriv at dei i oktober 2016 sluttførte si hittil største kontrakt knytt til landbasert oppdrett. Artec Aqua var totalleverandør for Cermaq sitt settefiskanlegg på Forsan i Steigen, og Brimer leverte då totalt 60 ulike kar til prosjektet.

- Erfaringa frå samarbeidet mellom oss i forbindelse med dette prosjektet, beviste at Brimer er ein god leverandør av karsystem, og prosjektet i Forsan var ei viktig erfaring i forkant av tildeling av kontraktar til Brimer for Salmobreed i Salten, seier prosjektleiar i Artec Aqua, Andres Thyri i pressemeldinga.

Ny kontrakt 

Våren 2016 signerte Artec Aqua ein avtale med Salmobreed Salten AS om å bygge eit landbasert anlegg for produksjon av lakserogn. Kontraktsverdien er på over 300 millionar kroner. Det nye stamfiskanlegget har fasilitetar for å halde stamfisk på land gjennom heile produksjonssyklusen og anlegget vil kunne levere rogn gjennom heile året. Heile anlegget skal stå ferdig i løpet av hausten 2018.

Dag Davik, salssjef for oppdrett i Brimer, fortel om ny kontrakt med Artec Aqua. Foto: SALT Studio

Dag Davik, salssjef for oppdrett i Brimer, annonserer at dei har inngått ei ny kontrakt med Artec Aqua om store leveransar til dette prosjektet.

- Me skal levere 16 oppdrettskar på 12m i diameter og 4m høge. Eit samla karvolum i underkant av 8000 kubikkmeter fordelt på påvekstavdelinga og avdelinga for kjønnsmoden fisk. I tillegg skal vi levere 21 CO2 luftingseiningar. Kara og CO2-luftarane er alle designa og produsert på Sunnmøre og då i fiberarmert plast. Prosjektet skal leverast til Salten i løpet av året og skal både monterast og ferdigstillast der av vårt prosjekttea, seier han i meldinga.

- Dette er ei stor og svært betydeleg strategisk kontrakt. Arbeidet på Kvamsøy eller allereie igangsatt og vil gi betydeleg aktivitet i fabrikken i tida framover, seier dagleg leiar i Brimer, Håvard Haanes.

- Det å få på plass ei ny stor strategisk kontrakt innan landbasert oppdrett, like i etterkant av Forsan-prosjektet blei avslutta er ei stor fjør i hatten for oss. Vårt sals-team, med Jarle Støylen i spissen, har jobba målretta med ei satsing inn mot oppdrettsnæringa i lengre tid, og no haustar vi resultatet av det arbeidet. Vi ser fram til eit nært og godt samarbeid med Artec Aqua og Salmobreed i dette prosjektet, seier Davik.