17 200 laks rømte i Sognefjorden
Oppteljing etter rømmingen av oppdrettslaks frå Slakteriet Brekke AS i Sognefjorden viser at 17 200 laks er rømt.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Tidligare denne veka blei det rapportert til Fiskeridirektoratet at det var meldt inn rømming av oppdrettslaks frå Slakteriet Brekke AS i Sognefjorden.
Fiskeridirektoratet mottok måndag melding om rømming frå slaktelokaliteten Instefjord i Risnefjorden i Gulen kommune. Oppteljing etter rømminga viser at det dreier seg om 17 200 rømte oppdrettslaks.
Fisken som rømte har ei snittvekt på i underkant av 4 kg. Selskapet har satt ut gjenfangstgarn og har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide gjenfangstaktiviteten ut til området Ortneset - Apestoda.
Fiskeridirektoratet har gjennomført rømmingstilsyn hjå selskapet , som viser at det er eit stort hol på 3x2 meter i nota. Holet skal vere forårsaka av propellbruk i samband med båtanløp.
Ønskjer tips
Det er så langt tatt 1259 laks i gjenfangsoperasjonen som føregår i området.
Meir info finn du på driektorates sine nettsider.