Cargill seier opp tilsette i Florø
Cargill Norge skal ha sagt opp dei siste fem tilsette i økonomiavdelinga ved Ewos i Florø.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I haust forsvann det ifølgje avisa også 3–4 økonomistillingar.
For eit år tilbake uttalte kommunikasjonsdirektør Hanne Dankertsen i Cargill Animal Nutrition til avisa at selskapet såg etter alternative lokale til dei tilsette i IT- og økonomiavdelinga i Ewos. Dei måtte ut av bygget fordi Sogn og Fjordane Energi (SFE) overtok det.
Også IT avdelinga er omorganisert.Totalt er kring 15–20 kompetansearbeidsplassar borte etter at IT- og økonomiavdelinga er omorganisert.
Hanne Dankertsen fortel til Kyst.no at fleire av påstandane til avisa er feil. Les meir om dette her.