Nesvik legger turen innom Autstevoll i neste uke. Foto: Fiskeridepartementet.

Fiskeriministeren til Austevoll

Fiskeriminister Harald T. Nesvik besøker ifølge ein pressemeling fra Fiskeridepartementet Austevoll 27. august.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Der skal han delta på eit møte om regjeringas stortingsmelding "Et kvotesystem for økt verdiskaping", og døype LiceTube, fortel dei.

I meldinga skrivar dei at nye fiskeriløyve, vidareføring av strukturkvoteordninga og ein ny marknadsplass for utveksling av kvotar er blant tiltaka i den nye kvotemeldinga.

– Tiltaka vi foreslår i kvotemeldinga vil gjere systemet mindre krevjande for næringa og forvaltninga. I tillegg vil det bli meir fleksibelt, meir transparent og lettare å forstå, seier fiskeriministeren i meldinga.

Han leg til at målet er framleis berekraftig forvaltning, auka verdiskaping i fiskerinæringa, betre utnytting av heile fisken og aktivitet langs heile kysten.

-Samstundes er det viktig at dei som er råka får høve til å seie kva dei synest om forslaga, seiar Nesvik.

Skal døype LiceTube

Tidlegare på dagen fortel meldinga at fiskeriministeren skal døype LiceTube, ei mekanisk eining som reinsar laks og aure for lus.

- I tillegg kan maskinen mellom anna telle lus og avdekke om fisken har andre sjukdommar. LiceTube har tidlegare stått på Akvariet i Bergen, men skal no testast i merd på Austevoll, skriv dei i meldinga.