Familiebedrifta Eide Fjordbruk gjer det godt også i 2017 og har selskapets høgaste omsetning nokonsinne. Familiebedrifta har difor valgt å belønna dei tilsette med ein solid bonus for godt arbeid i 2017. Foto: Eide Fjordbruk.

Kjempe år for Eide Fjordbruk - tilsette får solid bonus

Eide Fjordbruk hadde si høgaste omsetjing nokonsinne i 2017. Selskapet har difor valt å gje dei tilsette ein solid bonus. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Eide Fjordbruk produserar både laks og aure i sjø, og verksemda blir driven på ni lokalitetar i Hardanger og Nordhordland.

Selskapets regnskap syner at dei har auka både omsetning og resultat betydelig i 2017, og gjekk frå ein omsetjing på omlag 500 millionar til 800,8 millionar kroner. Det er ei auke på 78 % frå året før, og er selskapets høgaste omsetjingsresultat nokonsinne. 

Driftsresultatet auka med 14,2 millionar og gjekk frå 222,1 millionar i 2016 til 236,3 millionar i 2017. 

Nøkkeltall:

I årsberetninga skriv selskapet at årsaka til den store utviklinga i omsetjing er auka volum, (+ 345 millionar kroner), og reduksjon i oppnådd laksepris (-108 millionar kroner), samt auka sal av levande fisk (+150 millionar kroner). Resultata til selskapet varierer i takt med utviklinga i lakse- og aureprisane.

Marknadsprisane har det siste året vore lågare enn i 2016, men fortsatt godt over historiske nivå. Dette har bidratt til det solide resultatet i Eide Fjordbruk for 2017, skriv styret. 

Eide Fjordbruk AS:

  • Er et familieeigd selskap med sterk lokal forankring, og har hovudkontoret i Fusa kommune.
  • Eide Fjordbruk AS er eit dotterselskap av Eide Fjordbruk Holding AS og inngår i Eide Fjordbruk Holding-konsernet.
  • Selskapet har som visjon å dyrke sjøen for å auke moglegheitene for framtidige generasjonar.

Eide Fjordbruk sel i hovudsak fisk i spotmarknaden, og svingingar i lakse- og aureprisane påverkar derfor straks resultata i selskapet.

Solid utbytte for selskap og tilsette

Selskapet hadde i 2017 eit årsresultat etter skatt på 178 millionar kroner, mot eit årsresultat etter skatt på 168 millionar kroner i 2016. 

Assisterande dagleg leiar Sondre Eide fortel Kyst.no at selskapet har avsatt eit utbytte på 100 millionar kroner som er overført morselskapet Eide Fjordbruk Holding AS. 

- 2017 var eit godt år for Eide Fjordbruk og dei tilsette har som følge av dette fått ein bonus på 75 000 kroner kvar, fortel han fornøgd.  

Styret skriv at konsernet sin strategi tilseier at hovuddelen av overskotet skal investerast for vidare vekst og utvikling i Eide Fjordbruk når dette er mogeleg.

77 % auke i slaktevolum

Selskapet vart tildelt fire nye løyve i 2016, og selskapet hadde i 2017 et slaktevolum på 14 202 tonn rund vekt, ei auke på 77 % frå 8 045 tonn i 2016.

I 2018 kjøpte selskapet 70 96 av aksjane i settefiskprodusenten Lialaks AS. Selskapet har ein årleg kapasitet på ca 600 000 smolt, og bidreg til å sikre Eide Fjordbruk tilgang på eigen smolt.

Eide Fjordbruk jobbar også målretta med en rekkje ulike forskings- og utviklingsprosjekt.

Selskapet har mellom anna ein FoU-konsesjon for storskala forsøksproduksjon av triploid (steril) laks. Produksjonen skjer i tett samarbeid med Aquagen og Havforskingsinstituttet.

Ved å ta i bruk steril-laks i kommersiell matfiskproduksjon, vil utfordringane med rømt oppdrettslaks og genetisk forureining av villaksstammar langt på veg kunne løysast. Resultata etter slakting av triploid fisk har vist lovande resultat, men ein må framleis utvikle produksjonen før ein kan seie at triploid fisk er eit fullgodt alternativ til diploid laks.

Les ogsåNy samfunnskontakt i Eide Fjordbruk

Eide Fjordbruk har søkt om utviklingsløyver til to ulike konsept, og meiner Salmon Zero og Framsyn bør realiserast og har påklage begge avslaga om utviklingsløyver til Fiskeridirektoratet. Illustrasjon Eide Fjordbruk.

«Framsyn» og «Salmon Zero»

Selskapet har og søkt om utviklingskonsesjonar på to ulike konsept. Prosjektet «Framsyn» skal utvikle ny sensorteknologi, autonome farkostar og nye datakjelder for å framskaffa informasjon som ikkje er tilgjengeleg i dag.

Samtidig skal det utviklast ein teknisk infrastruktur for framtidige oppdrettsanlegg som gjer det mogleg å samle inn store mengder data. Deretter vil prosjektet ved hjelp av moderne databehandling og «big data» analyseverktøy gjere det mogleg å oppdage og hindre kritiske situasjonar før eventuelle skadar er eit faktum. Selskapet har søkt om totalt seks lisensar til prosjekter.Prosjektet har fått avslag på søknaden, men har klaga på vedtaket. og styret skriv at dei framleis har stor tru på prosjektet og på retninga.

Det andre utviklingsprosjektet er kalla «Salmon Zero» og skal utvikle eit fullstendig lukka anlegg med RAS-teknologi. Konseptet inkluderer full styring av salinitet, temperatur, sterilisering av inntaksvatn og reinsing av avløpsvatn. Prosjektet vil og utforske om det er mogleg med gjenbruk av avløpsvatn frå anlegget som næring til å dyrke tang, tare og algar. Konseptet gjer det mogleg å ta i bruk areal som per i dag ikkje er eigna for matproduksjon i sjø.

Eide Fjordbruk har søkt om totalt tre utviklingsløyve til prosjektet, men har fått avslag på søknaden. Styret har framleis tru på dette prosjektet og har klaga på vedtaket.

Vil auke aktiviteten i Kvinnherad 

Selskapet har i tillegg søkt om konsesjon for eit visningsanlegg i tilknyting til Folgefonnsenteret i Rosendal i Kvinnherad kommune. Søknaden er enno ikkje behandla.

I tillegg arbeidar selskapet saman med Lingalaks AS med planar om bygging av eit landbasert anlegg for produksjon av stor smolt. Anlegget er tenkt plassert på Ænes i Kvinnherad Kommune og har fått namnet Ænes inkubator og vil vera basert på resirkulerings-teknologi. Bruk av stor smolt vil bidra til å redusera tida i sjø og dermed og tida fisken er eksponert for lakselus.

Rognkjeks og ikke medikamentelle metoder

Styret har stor tru på openheit og samarbeid lokalt for å løyse luseutfordringa og har mellom anna sikra seg tilgang på oppdretta rognkjeks gjennom si investering i selskapet Vest Aqua Base AS i samarbeid med andre oppdrettarar i området.

Gjennom det tilknytta selskapet Miljø og Havbruk AS, eigd saman med Lingalaks AS og Tombre Fiskeanlegg AS, disponerer Eide Fjordbruk to avlusingsbåtar, «Seivik» med Thermolicer, og «Seisund» med fire linjer for termisk behandling med Optilicer.

Seisund har vore i drift sidan hausten 2017 og kan behandle heile 450 tonn fisk per time. Båten er eit viktig ledd i selskapet sin strategi for å få kontroll på lakselusa og redusere behandlingsrelatert dødelegheit. 

God kapital

Eigenkapitalen i selskapet var 356 millionar kroner per 31.12.2017, ein auke frå 278 millionar kroner per 31.12.2016. Eigenkapitalandelen i selskapet er solid med 39,1 96 per 31.12.2017, mot 38,7 96 per 31.12.2016.

Kontantstraumen frå operasjonelle aktivitetar blei på 116 millionar kroner i 2017, mot 39 millionar kroner i 2016. Kontantstrøm frå operasjonelle aktivitetar er lågare enn driftsresultatet i hovudsak grunna auka kundefordringar og forandringar i konsernselskap. 

Selskapet har ei solid kontantbehaldning på 231 millionar kroner og god likviditet. Likviditetsrisikoen blir rekna som låg. Dei har i 2017 investert 58 millionar kroner i nye driftsmiddel, i hovudsak finansiert gjennom finansiell leigeavtalar. Styret skriv at slik dei vurderer selskapet er det svært solid og godt rusta for vekst og investeringar i framtida.

Selskapet og sjømatnæringa elles er og framleis eksponert for risiko knytt til marknadstilgang til sentrale marknadar, påpeikar dei. Styret vurderer framleis risikoen som låg, men auka samanlikna med i 2016. Dei viktigaste årsakane til dette er knytt til Brexit og ei meir proteksjonistisk retning i USA.

Samfunnsansvar

Selskapets filosofi er å vera ein støttespelar og ta samfunnsansvar i dei kommunane dei har aktivitet, og investerer difor årleg omlag 1 000 000 kr på ulike lokale tiltak.

På heimesida skriv dei at dei ynskjer vekst og utvikling i bygdesamfunna, og investerar kvart år ein del av overskotet på tiltak som skal gjera bygdesamfunna rikare på gode møteplassar.

- Me håpar dette vil bidra til levande bygder også i framtida, opplyser selskapet. 

Les også: Vil auke MTB på alle lokalitetar i Hardanger

Nøkkeltall:

Gode tal for settefisk-selskapet også

Settefiskselskapet auker omsetninga frå 18 millionar i 2016 til 20 millionar kroner i 2017, og driftsresultatet var i 2016 minus 1,4 millionar og auka til 3,4 millionar i 2017.