Knut Frode Eide har gått bort
Eide Fjordbruk- sjef Knut Frode Eide har lenge kjempa mot kreften, men gjekk i natt bort.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Son og administrerande direktør Sondre Eide skriv i ei melding til redaksjonen at det er med tungt hjarta han må fortelja at ektemann, pappa, oppdrettar og kamerat Knut Frode Eide har gått bort i heimen sin i Hålandsdalen i natt, etter lang tids kreftsjukdom.
- Han hadde familien rundt seg, og sjølv om han ikkje ville reisa, er det godt at han no har fått fred, skriv han på vegne av bedrifta og familien.
Knut Frode har kjempa mot kreften i 8,5 år og familien seier dei no ynskjer fred i tida som kjem.