
Slik gikk det med Alsaker i fjor
Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, presenterte onsdag regnskapstallene for 2019. Utgiftene strakk ikkje heilt til i år heller. Selskapet sjølv kaller det eit middels år.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit resultat før skatt på kroner 679 millionar i 2019. Med ein omsetnad på kr 2.004 millionar gir dette ein resultatmargin på 33,9 %. Det skriv selskapet i ei pressemelding.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2019 4 smoltanlegg, 23 matfiskkonsesjonar, eit slakteri og eit havbrukssenter.

Produksjonen i konsernet skjer i 14 kommunar: Alver (Meland), Bjørnafjorden (Fusa), Bømlo, Etne,Kvam, Kvinnherad, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Stavanger (Rennesøy), Sandnes, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
I 2019 produserte konsernet nesten 38 000 tonn laks, mot 33.000 tonn året før.
- Produksjonsmessig har 2019 vore eit middels godt år for konsernet, med framgang i fleire deler av produksjonen. Både produksjonsvolumet og slaktevolumet gjekk opp samanlikna med 2018, fortel dei.
Ved utgangen av 2019 var det 240 fast tilsette i Alsaker-konsernet.
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året kr 1.528 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 59 %.