Ulla-Førrefondets styre, fra venstre Elin Schanche, Torkel Myklebust, Asle Rafdal, Ove Jølbo og Kjetil Harestad

Seks søkarar får 23 millionar

Ulla-Førrefondet har utdelt 23 millioner i økonomisk støtte til prosjekt som omfattar grøn omstilling. Halvparten av midlane som vart delt ut gjekk til prosjekt innan havbruk.

Publisert

Ulla-Førrefondet skal gje økonomisk støtte til prosjekt som omfattar grøn omstilling av næringsliv og utvikling av høgare utdanning i Rogaland. Til Ulla-Førrefondets utlysing for 2022 blei det sendt inn 27 søknadar til søknadsfrist 1. september. Halvparten av midlane som var delt ut gjekk til prosjekt innan havbruk.

  • Ryfylke IKS: Får fem millionar kroner til «Ryfylke: Utdanningssenter og havbruksutdanning».

Prosjektet skal etablera eit utdanningssenter for høgare utdanning i Ryfylke, og som ein del av dette tilbodet oppretta ein bachelorgrad i havbruk.

  • Årdal Aqua AS: Får 5,015 millionar kroner til «Sirkulærøkonomisk industriklynge».

I prosjektet skal det gjennomførast ein forstudie for etablering av ein fullverdig sirkulær industriklynge i Årdal i Hjelmeland kommune.

  • Universitetet i Stavanger: Får tre millionar kroner til «Senter for havbruksteknologi: Nye grøne verdikjeder for havbruk»

Prosjektet skal resultera i eit felles senter for havbruksteknologi for næring, offentleg sektor og forskingsaktørar.

– Universitetet i Stavanger er veldig takksame for midlane frå Ulla-Førrefondet som gir oss moglegheit til å byggja kompetanse og bidra til innovasjon i nye berekraftige verdikjede i havbruksnæringa, seier professor Ragnar Tveterås ved Universitetet i Stavanger.

Askvik Aqua er også takksame for midlane til satsing på grøne løysingar.

– Midlane løyser ut eit spennande prosjekt som vil styrka berekrafta i matproduksjonen i Ryfylke, gjennom sirkulær utnytting av restråstoff frå havbruk og landbruk i regionen. Vi ser fram til oppstart av prosjektet, seier administrerende direktør Steffen Kildal i Askvik Aqua.